Hopp til innhold

10-åring tiltalt for babydrap

Ei ti år gammal jente i Maine, USA er tiltalt for aktlaust drap på ein tre månader gammal baby. Ho er den yngste på 30 år til å bli tiltalt for drap.

Baby Death Arrest

DØDE: 3 månader gamle Brooklyn Foss-Greenaway døydde då ho blei passa av ei barnevakt. Den ti år gamle dottera til barnevakta er tiltalt for drapet.

Foto: Nicole Greenaway / Ap

Den yngste personen til å bli tiltalt for drap på 30 år er ei 10 år gamal jente frå Maine i USA, ifølgje ein talsmann for det amerikanske departementet for offentleg tryggleik.

Hendinga skjedde i byen Clinton natt til 8. juli i år. Mora til den tiltalte jenta sat barnevakt for 3 månader gamle Brooklyn heime hjå henne og dottera, og babyen sov på same rom som 10-åringen. Barnevakta hadde besøk av kjærasten.

Morgonen 8. juli fekk mora til 3 månader gamle Brooklyn den knusande beskjeden om at dottera hennar som var hjå ei barnevakt, var død.

Brukte medisin

Ifølgje mora til babyen skal barnevakta ha fått klar beskjed om at 10-åringen ikkje fekk lov å vere åleine med babyen.

Jenta har ein diagnose som påverkar oppførselen. For dette får 10-åringen medisin, og følgje mora til Brooklyn blei det funne spor av denne medisinen i systemet til babyen. Ifølgje obduksjonsrapporten døydde ho av kveling,skriv Portland Press Herald.

Ifølgje mora hadde babyen også blåmerker og skadar i fjeset, noko som ifølgje obduksjonsrapporten var relatert til kvelinga.

Likevel sov babyen på same rom som 10-åringen denne natta, medan barnevakta og kjærasten sov på eit eige rom.

Sprang opp og ned trappa

Ifølgje eit vitne, som leigde rom i kjellaren i huset, vakna ho om lag halv to på natta av at ho høyrde gråt, og springing opp og ned trappa, og at nokon ropte ordet «død».

Tidlegare på kvelden hadde leigetakaren og barnevakta vore saman i første etasje, medan 10-åringen var åleine saman med babyen i 2. etasje. I

følgje henne kom 10-åringen med babyen ned til dei på eitt punkt fordi ho grein, og gjekk opp att. Seinare kom jenta ned og fortalte at babyen sov.

Leigetakaren gjekk ned i kjellaren og la seg om lag klokka 23.00, men vakna av eit bråk om lag klokka halv to.

Leigetakaren gjekk opp, og sa ho såg barnevakta og kjærasten hennar sitje i trappa og halde babyen. Barnevakta og kjærasten grein, men babyen var heilt stille.

Kan hamne i ungdomsfengsel

Det var leigetakaren som ringte politiet kort tid etter dette, og babyen blei henta med ambulanse litt over halv to. Ho døydde seinare den morgonen.

Den 10 år gamle jenta er tiltalt for aktlaust drap, og forsvaret har bede om at ho ikkje blir straffa som vaksen, skriv CBS News.

Dersom ho blir straffa som eit barn, kan ho i verste fall hamne i ungdomsfengsel fram til ho er 21 år gammal.

SISTE NYTT

Siste nytt