- Denne katastrofen er truleg den verste i vår tid, og det vil få betydning for kvardagslivet til svenskar for lang tid framover, sa Göran Persson på ein pressekonferanse i ettermiddag.
Sverige har erklært 1. januar 2005 for nasjonal sørgjedag etter flodbølgjekatastrofen. Det skal flaggast på halv stang frå alle offisielle bygningar i landet.
Sveriges statsminister Göran Persson. (Scanpix-arkivfoto)
Persson ville ikkje gå inn på kor mange svenskar som har mist livet i flodbølgje-katastrofen i Søraust-Asia, men sa at talet på døde svenskar er svært høgt.
Hittil er 54 svenske statsborgarar stadfesta omkomne i Thailand, viser tal frå styresmaktene i landet. Dette talet er venta å stige kraftig.
Svenske styresmakter har ikkje fått kontakt med over 1500 svenskar som har opphalde seg i området som vart råka av flodbølgja.
Svenske styresmakter fryktar at Sverige kan få det høgste dødstalet av utlendingar. Mellom 20.000 og 30.000 svenskar oppheldt seg truleg i området då katastrofen ramma. Av desse reiste truleg 10.000 på eiga hand.
Også kong Carl Gustaf XVI talte til det svenske folk i dag, der han uttrykte si medkjensle med familiane som er råka av det som har skjedd i Søraust-Asia.
Sverige har sendt utanriksminister Laila Freivalds til Thailand for å overvake innsatsen for å hjelpe landsmenn som er råka av naturkatastrofen.
Samstundes har svenske aviser kritisert den svenske regjeringa for ikkje ha reagert raskt nok, og for ikkje å ha teke saka alvorleg nok.
Torsdag 30. desember skal det haldast ei spesiell gudsteneste for ofra etter katastrofen i Storkyrkan i Stockholm, der regjeringa og partileiarane vil delta.