Hopp til innhold

- Vanskeleg å vere optimist om Ukraina

– Det eg trudde var russisk retorikk mot Ukraina viser seg å vere russisk realpolitikk. Det gjer meg til pessimist, seier Nupi-forskar Julie Wilhelmsen.

Ei kolonne med russiske lastebilar på Krim.

Ei kolonne med militære russiske lastebilar på veg til Simferopol på Krim i dag.

Foto: Darko Vojinovic / Ap

Wilhelmsen, som er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) og Russland-ekspert, seier situasjonen i Ukraina, og spesielt på Krim-halvøya, er svært spent. Ho meiner at den russiske retorikken om at USA som ei hegemonisk makt som tek seg til rette over heile verda, og at Russland står opp mot dette, har blitt ein realitet.

– Eg har vanskeleg å sjå korleis denne krisa kan løysast på ein god måte. Det eg først trudde var russisk skremselsretorikk, viser seg å vere deira oppfatning av røyndomen. Og dei er viljuge til å bruke militær makt for å forsvare dette, seier ho til NRK.

Julie Wilhelmsen meiner det no er to heilt ulike oppfatningar av verda som no står mot kvarandre i Ukraina.

LES OGSÅ: Derfor er Krim så viktig

– Gjorde ikkje inntrykk

Julie Wilhelmsen

Nupi-forskar Julie Wilhelmsen synest det er vanskeleg å vere optimist om situasjonen i Ukraina.

Foto: NUPI

Wilhelmsen trur ikkje at den 90 minutt lange samtalen mellom USAs president og hans russiske kollega Vladimir Putin seint i går kveld, gjorde særleg inntrykk på Putin. Ho meiner at Russland med ein viss rett kan hevde at dei vestlege landa ikkje har gjort noko for at avtalen frå 21. februar i år blir etterlevd.

Dette var ein avtale mellom den no avsette presidenten Viktor Janukovitsj og representantar for opposisjonen om å samarbeide for å få slutt på den politiske krisa i Ukraina.

Opposisjonen braut denne avtalen, Janukovitsj vart tvungen til å gå av, og det vart lagt føringar på avvæpning av nasjonalistar i Ukraina. Russland meiner at USA og EU burde presse dei nye leiarane i landet til å etterleve avtalen.

LES OGSÅ: Uklart hvor mange soldater Russland har på Krim

LES OGSÅ: Ukrainere frykter krig: – Skremt av Putin

– Avhengig av russiske pengar

Forskaren Arkady Moshes ved det finske utanrikspolitiske instituttet meiner at situasjonen i Ukraina, og spesielt på Krim-halvøya, no er svært spent. Han seier til NTB at det ikkje lenger er nok berre med telefonsamtalar til Moskva, og det er behov for sterkare diplomatiske verkemiddel.

( I grafikken over er det ei oversikt over dei byane i Ukraina der det har vore demonstrasjonar til støtte for Russland, der det også er heist russiske flagg).


Han trur at særleg Tyskland er i stand til å påverke Kreml, og han meiner at det å kalle heim ambassadørane sine i Russland kan vere ein måte å reagerer på.

– Eg trur ikkje Vesten vil gjere noko. Eller så gjer dei det for seint. Europa er altfor avhengig av russiske pengar, seier han. Han meiner heller ikkje at NATO har særlege sjansar til å påverke situasjonen.

LES OGSÅ: Ukrainere frykter krig: – Skremt av Putin

LES OGSÅ: Ukrainas fungerende president Oleksandr Turtsjynov ber Putin stanse provokasjonene

Kallar inn reservestyrkar

I dag har Ukraina kalla inn alle militære reservestyrkar, i tillegg til at dei ståande militære styrkane er sette i høgste beredskap. Forsvarssjef Andrij Parubij seier at han også har bede USA og Storbritannia om hjelpe til å sikre Ukrainas tryggleik.

Ifølgje BBC har Ukraina i dag ein aktiv militærstyrke på 160.000 mann og rundt ein million reservesoldatar.

Politiske observatørar karakteriserer krisa i Ukraina for den mest alvorlege konfrontasjonen mellom Russland og Vesten sidan den kalde krigen.

Mellom aust og vest

I hovudsak er Ukraina delt mellom den vestlege delen, som gjerne vil ha tettare samarbeid med vestlege land, og den austlege delen, som ynskjer sterkare band til Russland.

I går var det store demonstrasjonar til støtte for Russland i fleire byar i det austlege delen av Ukraina. På Krim-halvøya er om lag 60 prosent av innbyggjararne etniske russarar, medan dei resterande 40 prosenta består av ukrainarar og tartarar.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Uro på Krim-halvøya» i nytt vindu

LES OGSÅ: Lvviv og Donetsk - symbolet på det splitta Ukraina

SISTE NYTT

Siste nytt