Hopp til innhold

- Ukraina-krisa endrar historieskrivinga

– Historieskrivinga har blitt eit offer for krisa mellom Russland og Vesten om Ukraina, seier den russiske historikaren Alexej Miller. Han meiner historiske hendingar blir tolka på nye måtar for å passe inn i det nye konfliktbiletet i Europa.

Ukrainer avfyrer granatkaster nær Donetsk

Krisa i Ukraina har ført til omskriving eller nytolking av historiske hendingar, meiner historikarar.

Foto: GENYA SAVILOV / Afp

I kjølvatnet av feiringa av slutten av andre verdskrigen i Moskva 9. mai har fleire historikarar merka seg ein del fråsegner frå Russlands president Vladimir Putin, og i tillegg har det kome eit par nye historiebøker som dei meiner presenterer nye eller omskrivne versjonar av fortida.

Eit eksempel som blir trekt fram, melder nyheitsbyrået Reuters, er avtalen mellom Sovjetunionen og Tyskland i 1939, den såkalla Molotov-Ribbentrop-pakta. I tillegg til å vere ein fredsavtale mellom dei to stormaktene også det også ein avtale om deling av Polen, og ei fordeling av landområde i Europa.

– Meir positivt lys

Historieprofessor Alexej Miller.

Professor Alexej Miller meiner den spente tryggingssituasjonen i Europa, har ført til nytolking av historiske hendingar.

Foto: Det europeiske universitetet i St. Petersburg.

Her fekk Moskva retten til å ha kontroll over store delar at det som no er Ukraina, Kviterussland og dei baltiske statane, bortsett frå Klaipeda-området i Litauen.

Dei uavhengige historikarane som Reuters har snakka med meiner at Molotov-Ribbentrop-pakta no blir sett i eit meir positivt lys enn tidlegare. Dei meiner også at ein del av Stalins verste brotsverk har vorte tona ned.

I ei nyare historiebok heiter det blant anna at Molotov-Ribbentrop-pakta var eit naturleg svar på vestleg aggresjon og intrigar. Putin har også fleire gonger den siste tida forsvart den omstridde avtalen, seinast under eit møte med Tysklands forbundskanslar Angela Merkel. Då sa han at avtalen var nødvendig for å «sikre den nasjonale tryggleiken til Sovjetunionen».

- Dette er ei aggressiv haldning i historiedebatten. Historia er eit offer i konflikten mellom Russland og Europa, seier Alexej Miller, professor i historie ved Det europeiske universitetet i St. Petersburg i Russland. Han meiner at alle sider i den nye konflikten i Europa har forvrengt historia for å få henne til å passe best mogleg inn i dagens politikk.

Putin ber Vesten ikke frykte Russland

– Viktig for eit lite land med ein tydeleg nabo

– Støtte frå millionar

Miller meiner dette gjeld spesielt i striden om Ukraina og dei baltiske landa, og han kallar det «ein krig om minnet».

Putin øker hemmelighold

Russlands president Vladimir Putin veit kor viktig tolkinga av historia er for eit samfunn.

Foto: RIA NOVOSTI / Reuters

Putin sjølv veit godt kor viktig historieskrivinga er for eit samfunn.

– Når vi kan vise at vi har rett, og at handlingane våre gjer godt for samfunnet, staten og folket, vil vi få støtte av millionar, sa Vladimir Putin i ein tale til russiske historikarar i november i fjor.

Ifølgje Reuters har Putin også vist sterk interesse i nyare historieskriving for det russiske skuleverket. I nyare lærebøker blir han framstilt som ein suksess i å «sikre den sosiale einskapen» internt i Russland, samstundes som han «utan stans forsvarar nasjonale russiske interesser» i utlandet.

Historikarar har også merka seg at russisk fjernsyn 23. mai i år viste ein dokumentar som presenterte nye opplysningar om kva som leidde fram til den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia i 1968.

Prahavåren 1968

Ein dokumentar på russisk fjernsyn nyleg slo fast at den sovjetiske invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968, var nødvendig fordi krefter i Praha ville gjennomføre eit NATO-støtta kupp.

Foto: CTK/Scan-foto

Se, her samarbeider norske og russiske soldater

Åpen internettliste over statens fiender i Ukraina

– Forvrengjer historiske fakta

Her vart det vist til nyoppdaga dokument, som fortalde at invasjonen var nødvendig for å forsvare landet mot eit NATO-støtta kupp, som vart planlagt under dekket av det som vart kalla Praha-våren.

Både tsjekkiske og slovakiske tenestemenn har sagt at dokumentaren forvrengjer historiske fakta, og at det er eit forsøk på å skrive om historia.

Under krisa i Ukraina, har etniske russarar i land i det tidlegare Sovjetunionen, vorte framstilte som å vere trua av fascistar. Nye lover gjer det straffbart å «spreie falsk informasjon om aktivitetane til Sovjetunionen under andre verdskrigen».

Kritikarar ser på nye lover som eit stadig sterkare forsøk frå russiske styresmakter til å kvele diskusjonen om andre verdskrigen og feie under teppet negative ting.

– Det blir stadig vanskelegare å få tilgang til offentlege russiske arkiv, seier Sebastian Stopper, historikar ved Humboldt-universitetet i Berlin.

SISTE NYTT

Siste nytt