Hopp til innhold

– Viktig for eit lite land med ein tydeleg nabo

– Føresetnaden for samarbeid med eit naboland er at dei respekterer dine grenser. Og det har ikkje vore tilfelle når det gjeld Russland, sa Jens Stoltenberg i eit foredrag ved UiO i dag.

Jens Stoltenberg taler på UiO

TILBAKE PÅ UiO: Jens Stoltenberg, denne gong som generalsekretær for Nato, var glad for å vere tilbake på gamle trakter.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Georgia, Moldova og no Ukraina er klare døme på dette. Og dei baltiske landa, som heile tida vert utfordra gjennom den russiske retorikken, sa Stoltenberg om den russiske trusselen.

Han vart etter foredraget utfordra på det mange meiner er eit skremselsbilete mot Russland som fyrer opp under konflikten ytterlegare, noko han har vorte utfordra på fleire gonger under sitt første offisielle Noreg-besøk som generalsekretær i Nato.

– Gjort mykje for samarbeid

– Det er sjølvsagt viktig å forstå tenkinga til Russland, som eg sa til NRK i dag tidleg. Vi er ikkje i konfrontasjon med Russland, det står i våre vedtekter. Vi søker samarbeid fordi vi meiner både vi og dei er tente med det. Samstundes støttar vi sanksjonane innført av EU og USA.

Han understreka at dei har gjort mykje for å opne opp for samarbeid med Russland etter den kalde krigen, og nemnde Barentssamarbeidet og det arktiske samarbeidet dessutan som område der Noreg bidreg til dette.

– Eg var i Bodø i går. Der går føre seg det no ei øving kor norske og russiske styrker saman trenar på redningsoperasjonar. Vi har strukke oss, og vi strekk oss framleis, for samarbeid. Men dette samarbeidet vert vanskeleg om vi ikkje møter ein føreseieleg motpart.

Når det gjeld trugselen frå Russland understreka Stoltenberg at vi med Nato har ein sterk forsvarsallianse som han er trygg på.

Tre berebjelkar

Stoltenberg gjekk gjennom det han ser som tre berebjelkar for Nato i foredraget.

– Det første er: Vi må ha eit sterkt NATO.

Stoltenberg viser til ressursbruk og ein auka frekvens av øvingar, også i austområda. Han viser ein graf som viser kor mykje NATO brukar på forsvar samanlikna med verda dessutan. Han er uroa for den økonomiske situasjonen, ikkje minst byrdefordelinga innanfor Nato.

– Då eg var statsminister var eg alltid uroa for budsjettbalansen. No er eg uroa for militærbalansen, seier han.

Utfordringa er også ifølge Stoltenberg at kostnaden ved å drive forsvar i NATO er mykje høgare enn i andre land som t.d. Russland.

– Den andre bjelken er at Nato vil satse meir på å trene lokale styrker, i staden for å utplassere eigne styrker.

Irak, Jordan, Georgia, Moldova og Ukraina vart nemnde som døme på dette.

Den tredje bjelken handlar om verdiane våre; fridom, demokrati, openheit.

SISTE NYTT

Siste nytt