NRK Meny
Normal

- Planla terroråtak i Belgia

Belgiske styresmakter har arrestert 14 personar mistenkte for å ha tilknyting til terrornettverket AlQaida.

Brussel
Foto: Virginia Mayo / AP

Tre av dei arresterte skal ha hatt planar om aksjonar mot mål i Belgia.

Ifølgje ei melding på nettsidene til kringkastingsselskapet RTBF, hadde dei arresterte personane planlagt å angripe det to dagar lange EU-toppmøtet som starta i Brussel i dag.

RTBF synte til ikkje namngjevne folk i justisapparatet som kjelder for informasjonen.

Den framtredne justistenestemannen Johan Delmulle ville ikkje utelukke at EU-møtet kan ha vore diskutert som mål for dei planlagde aksjonane. Men han trudde det like gjerne har vore snakk om åtak mot mål i Pakistan eller Afghanistan.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt