Hopp til innhold

- Nord-Korea vil bli hardt ramma

USAs president George W. Bush seier at den nordkoreanske atomprøvesprenginga vil slå hardt tilbake på Nord-Korea sjølv.

USAs president George W. Bush seier atomprøvesprenginga vil få alvorlege konsekvensar for Nord-Korea
Foto: RON EDMONDS / AP

Bush held ein pressekonferanse i rosehagen framfor Det kvite hus i ettermiddag norsk tid, og han gjentek at USA ikkje vil tolerere at Nord-Korea blir ei atommakt.

Han sa også at USA vil bruke diplomatiske midlar for å løyse krisa med Nord-Korea. Han la vekt på at USA ikkje har tenkt å gå til militært angrep på landet.

George W. Bush gjorde det klart at prøvesprenginga vil slå hardt tilbake på Nord-Korea.
Foto: RON EDMONDS / AP

Alle alternativ opne

Presidenten sa likevel at USA vil halde alle alternativ opne for å forsvare sine vener og interesser i regionen mot truslar frå Nord-Korea.

Bush sa at Nord-Korea er ein trussel mot internasjonal fred og tryggleik. Landet har brote internasjonale avtalar og må straffast for det, sa han.

 - Vi arbeider tett saman med partnarane våre i regionen og i Tryggingsrådet i FN for å sikre at atomprøvesprenginga vil få alvorlege konsekvensar for regimet i Pyongyang, sa Bush blant anna.

Den amerikanske presidenten sa også at USA vil utvide samarbeidet med sine allierte om eit rakettskjold som kan skyte ned langtrekkande rakettar.

Det USA fryktar mest er at Nord-Korea skal greie å produsere små nok atombomber til å plassere dei i stridshovud i langtrekkande rakettar som kan ramme USA.

Tryggingsrådet

George W. Bush seier dette samstundes som Tryggingsrådet i FN diskuterer innføring av tøffare sanksjonar mot Nord-Korea. Presidenten takka også Kina, Sør-Korea, Japan og Russland for den sterke fordømminga av atomprøvesprenginga.

Ein talsmann for det nordkoreanske regimet sa tidlegare i dag at nye sanksjonar mot landet vil bli oppfatta som ei krigserklæring, og trua med nye atomprøvesprengingar. Talsmannen trua også med "fysiske" mottiltak" dersom det blir innført tøffare sanksjonar mot Nord-Korea.

Politiske observatørar trur Nord-Korea har gjennomført atomtesten for å prøve å få til direkte samtalar med USA, men USA har gong på gong sagt at landet ikkje er interessert i slike samtalar. Og George W. Bush gjentok dette i dag.

Bush avviste også direkte samtalar med Iran om det iranske atomprogrammet.

SISTE NYTT

Siste nytt