NRK Meny
Normal

- Kampala-angrep var berre starten

Leiaren for den islamistiske Al Shabab-geriljaen i Somalia seier at angrepet i Kampala i Uganda søndag, berre var starten på angrepa.

En skadet person kommer til et sykehus i Kampala

Minst 73 menneske vart drepne i angrepa i Kampala sist søndag.

Foto: A.J. SISCO / Reuters

Ugandiske politifolk viser fram ein sprengstoffvest som vart funne etter angrepa i Kampala

Ugandiske politifolk viser fram eit dynamittbelte som vart funne i Kampala.

Foto: - / Afp

I ein tale i dag takka leiaren for gruppa sjølvmordsbombarane som stod bak angrepet i Kampala under finalen i fotball-VM.

LES OGSÅ: – Selvmordsbomber sto bak angrepet

LES OGSÅ: Kan ha planlagt et tredje bombeangrep i Uganda

Nye angrep

- Det vil heilt klart kome fleire angrep, sa Mohamed Abdi Godane, også kalla Abu Zubayr. Al Shabab har tidlegare teke på seg ansvaret for angrepa, og no varslar altså leiaren nye aksjonar.

73 menneske vart drepne i angrepet, som var retta mot ein etiopisk restaurant og ein sportsklubb. Offera var sivile som sat og følgde VM-finalen på storskjerm.

LES OGSÅ: – Holdt tyst om terror-rykter

LES OGSÅ: Flere arrestert etter selvmordsangrepet i Uganda

Mohamed Abdi Godane sa i talen sin, som vart vidareformidla av fleire radiostasjonar i Mogadishu i Somalia, at angrepet i Kampala vart utført av ei gruppe som går under namnet Saleh Nabhan-brigaden.

- Vi gratulerer martyrane frå Saleh Nabhan, som i takksemd fullførte oppdraget frå Allah, sa han i radiotalen.

Mombasa-terror

Saleh Nabkan var ein kenyanskfødd Al Qaida-aktivist som har vore ettersøkt etter terrorangrepet mot israelarar i den kenyanske feriebyen Mombasa i 2002. Han hadde truleg ei sentral rolle i Al Shabab då han vart drepen i eit amerikansk flyangrep nær den somaliske byen Barawe i 2009.

Den somaliske Al Shabab-geriljaen har tidlegare sagt at Uganda er eit angrepsmål fordi landet har soldatar i den panafrikanske styrken i landet.

Samstundes med dei nye truslane frå Shabab-leiaren om nye angrep, kjem det melding frå Kampala om at Uganda vil sende nye 2000 soldatar til Somalia.

Etterforskere ser på et av angrepsstedene i Kampala

Etterforskarar på åstaden for eitt av angrepa i Kampala sist søndag.

Foto: STR / Reuters

LES OGSÅ: Uganda: 74 drept i eksplosjoner

LES OGSÅ: – Uganda trekker ikke ut styrker

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt