Hopp til innhold

- Israel og Hamas skal forhandle

FN-ambassadøren til Egypt seier i kveld at representantar for Israel og Hamas har gått med på møte kvarandre i egyptisk regi torsdag.

Israelsk bombing av mål ved Rafah.

Bombinga heldt fram i kveld, men torsdag kan det bli våpenkvilesamtalar.

Foto: SAID KHATIB / AFP

Det er nyheitsbyrået AP som melder dette.

Om dette er tilfelle, vil det vere først gong offisielle representantar for Israel møter representantar for Hamas.

Det er mest sannsynleg at samtalane vil gå føre seg via mellom-menn.

Også representantar for dei palestinske sjølvstyresmaktene, som blir leidd av Fatah, skal delta på møtet.

Egypts FN-ambassadør, Maged Abd-al Aziz, seier at alle dei tre partane har lovd at dei vil sende ein delegasjon for å diskutere det egyptisk-franske forslaget til ei varig våpenkvile.

Israel ser på Hamas som ein rein terror-organisasjon, og Hamas godtek ikkje Israel sin rett til å eksistere som ein sjølvstendig stat.

SISTE NYTT

Siste nytt