- Eit reint sivilt atomprogam ville ha sett heilt annleis ut enn det iranske. Sanninga er at det er eit hemmeleg militært program, sa Douste-Blazy i eit intervju med fjernsynsstasjonen France 2.
Fastlåst
Irans sjefsforhandlar i atom-saka, Ali Larijani, var raskt ute med å åtvare Vesten mot å true Iran.
Irans atomforhandlar Ali Larijani avviser at landet vil utvikle atomvåpen. (Foto: AFP/Scanpix)
- Vårt atomprogram er fullt og heilt sivilt, og eg foreslår at Hr. Douste-Blazy brukar ein meir diplomatisk tone og prøver å unngå å auke spenninga, sa han.
Philippe Douste-Blazy sa på si side at det internasjonale samfunnet har sendt eit klart signal til Iran om å kome til fornuft og stanse det ulovlege atomprogrammet.
- Problemet er at dei ikkje høyrer på oss, sa han blant anna i intervjuet.
Russisk forslag
I dag skulle eigentleg ein iransk delegasjon ha vitja Moskva for å diskutere eit russisk kompromissforslag. Dette forslaget ville gi Iran retten til å byggje opp eit sivilt atomprogram, og der opprikinga av uran skal skje i Russland.
Dette er tidlegare avvist at iranske styresmakter, men dei har likevel sagt at dei vil diskutere det russiske forslaget.
Iran avlyste samtalane i dag, men har bede om nye samtalar i Moskva førstkomande måndag.
I går sa USAs utanriksminister Condoleezza Rice at Iran no ope utfordrar det internasjonale samfunnet, og at USA no gjennomgår kva sanksjonar som kan innførast mot Iran.
Kina, som også har vetorett i Tryggingsrådet, er også svært uroa over situasjonen. Ein talsmann for utanriksdepartementet sa i dag at det er ekstremt viktig at ein greier å kome fram til ei diplomatisk løysing på striden med Iran.
Militær makt
Ein av toppane i det russiske forsvaret, forsvarssjef og general Jurij Balujevski, sa til journalistar i Moskva i dag at USA kan finne det nødvendig å bruke militær makt mot Iran. Men han understreka at ein militær utveg kunne få følgjer for heile verda, og at det er umogleg å seie korleis den muslimske verda vil reagere på eit slikt angrep.
- Her er det viktig å bruke fornuft, og først og fremst gjeld dette den iranske sida, sa Balujevski.