NRK Meny

- Gradvis opptrapping i Ukraina

– Årsaka til at ukrainske styrkar brukte fly og helikopter mot flyplassen i Donetsk måndag, er truleg at det ikkje er mange sivile der, seier forskar og Ukraina-ekspert Tor Bukkvoll.

Angrep på flyplassen i Donetsk.

Ukrainske regjeringsstyrkar brukte jagarfly og kamphelikopter mot flyplassen i Donetsk måndag.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters
Bent Tanstad
Journalist

Artikkelen er flere år gammel.

Seniorforskaren ved Forsvarets forskingsinstitutt FFI trur ikkje det ukrainske militæret tek sjansen på å bruke tunge våpen på andre stillingar opprørarane har, fordi det er for mange sivile i nærleiken.

Tor Bukkvoll

Ukraina-ekspert Tor Bukkvoll ser ikkje føre seg ei snarleg løysing på krisa i Ukraina.

Foto: Forsvarets forskningsinstitutt

Natt til i dag tok prorussiske separatistar kontroll over Sergej Prokofiev-flyplassen i Donetsk. I dag svarte ukrainske styrkar med med å angripe flyplassen jagarfly og kamphelikopter, og kampane om flyplassen spreidde seg også til jernbanestasjonen i millionbyen.

Bukkvoll ser på angrepet mot flyplassen i dag som ein del av det som har vore ei gradvis opptrapping over tid, men han trur at den nyvalde presidenten, Petro Porosjenko, vil følgje to spor i tida som kjem.

– Forhandlingar og krig

– Eg trur han vil prøve å få til forhandlingar, truleg vil han satse på å snakke direkte med Moskva i staden for å snakke med separatistane. Han vil truleg også halde fram med den væpna aksjonen mot opprørarane, seier Tor Bukkvoll til NRK.no.

Han trur ikkje separatistane i det austlege Ukraina er sterke nok til å vinne fram og bli sjølvstendig frå Ukraina. Han meiner presidenten har eit håp om å bli samd med russiske leiarar om ei løysing, og at det igjen skal føre til eit press på separatistane om å leggje ned våpena.

– Det er uvisst kor mange opprørarane har under våpen. Eg har sett anslag på 20.000, men det trur eg er for høgt. Likevel så har dei våpen som opprørsgrupper normalt ikkje har, slik som luftvernvåpen, bombekastarar og grovkalibra automatvåpen. Det er god grunn til å tru at våpena kjem frå Russland, seier han.

LES OGSÅ: Porosjenko erklærer seg som valgvinner

LES OGSÅ: Lover å kjempe mot korrupsjon og vil skape arbeidsplasser i Øst-Ukraina

Prorussiske opprørarar i Donetsk.

Prorussiske opprørarar i aksjon ved flyplassen i Donetsk måndag ettermiddag.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

– Inga snarleg løysing

Bukkvoll meiner heile det austlege opprøret i Ukraina ber preg av at opprørarane har fått hjelp til frå Russland, både til organisering, trening og økonomisk støtte.

– Russiske militære er heilt overtydde om at USA og andre vestlege land var med og organiserte både opprøret i Ukraina og andre opprør som til dømes den arabiske våren. Slik dei ser det, så gir dei same støtta til separatistar i Ukraina, seier han.

Ukraina-eksperten ser ikkje noko snarleg løysing på opprøret i det austlege Ukraina. Så lenge Moskva held fram med å støtte separatistane med våpen og pengar kan det gå lang tid før dette vare lenge, men at det er eit håp dersom Russland stansar støtta si.

Opprørarar og sivile i Donetsk.

Opprørarar saman med ei gruppe sivile like ved flyplassen i Donetsk.

Foto: FABIO BUCCIARELLI / Afp

LES OGSÅ: Lavrov: Russland vil respektere presidentvalget

– Støttar ikkje sjølvstende

Bukkvoll trur ikkje Russland eigentleg ynskjer eit sjølvstendig Aust-Ukraina, men at dei heller ser føre seg eit område med utvida sjølvstyre, som også kan ha ein viss innverknad på utanrikspolitikken.

– Det Putin og Russland eigentleg vil er å hindre at Ukraina går for langt i retning NATO og EU. Ved å støtte separatistane håper dei det kan stagge styresmaktene i Kiev sitt ynskje om å knyte seg sterkare til Vesten, spesielt mot NATO, seier Tor Bukkvoll.

Han trur dessutan at støtta til separatistane i dei austlege delane i Ukraina er på retur, fordi folk er leie av uroa. Han viser også til det han meiner er ei truverdig meiningsmåling som viser at berre 30 prosent av innbyggjarane i Donetsk fylke støttar separatistane.

Donetsk fylke er det mest prorussiske fylket i Ukraina, fortel FFI-forskaren.

Angriper flyplassen i Donetsk.

Flyplassen i Donetsk vart utsett for angrep med kamphelikopter måndag ettermiddag.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt