Hopp til innhold

- Etnisk reinsing og fare for svolt i SAR

FN og Amnesty International slår fast at dei internasjonale fredsbevarande styrkane i Den sentralafrikanske republikk (SAR) ikkje har greidd å hindre omfattande etnisk reinsing i landet.

Fredsbevarande styrkar i Bangui i Den sentralafrikanske republikk.

Dei fredsbevarande styrkane frå Den afrikanske union har ikkje greidd å stanse den etniske konflikten i Den sentralafrikanske republikk.

Foto: LUC GNAGO / Reuters

Situasjonen i landet blir verre og verre dag for dag. Den etniske uroa held fram med full styrke, og ifølgje Amnesty kan så mange som 100.000 muslimar blitt tvungne på flukt. I tillegg er det alvorleg matmangel i landet, og Verdas matvareprogram (WFP) har starta ei luftbru med matforsyningar.

Matleveranse til Den setralafrikanske republikk.

Ein mann har fått ein sekk med ris frå Verdas matvareprogram WFP.

Foto: LUC GNAGO / Reuters

I dag landa det første WFP-flyet, ein Boeing 747 transportfly, i hovudstaden Bangui med 82 tonn ris. I alt vil 1800 tonn ris kome til landet med rundt 25 fly i løpet av dei neste fire vekene. Det skal vere nok til å brødfø 150.000 menneske i ein månad.

– Krisa vil bli verre

WPF reknar med at den humanitære krisa berre vil vekse, fordi transport via landjorda ikkje er mogleg på grunn av den omfattande valdsbruken.

NUPI-forskaren Morten Bøås seier i eit intervju med NTB at det einaste som kan stanse valden i Den sentralafrikanske republikk, er eit auka internasjonalt nærvær. Altså langt fleire internasjonale soldatar enn det som er tilfelle i dag.

Joanne Mariner i Amnesty kallar det som skjer i SAR i dag ei «muslimsk masseflukt av historiske dimensjonar».

Morten Bøås, forskningssjef FAFO

Morten Bøås er forskingssjef i FAFO. Han meiner at det er naudsynt med større internasjonalt nærvær i SAR.

Foto: NRK

Morten Bøås seier at den einaste skilnaden på det som skjer no, i forhold til det som skjedde i desember og januar, er at det no er muslimane det går verst ut over. I desember og januar var det dei kristne som vart jaga på flukt.

LES OGSÅ: Amnesty: Etnisk rensing i Den Sentralafrikanske Republikk

LES OGSÅ: Soldater lynsjet mann like etter presidentens tale

– Manipulert til vald

20. januar vart Catherine Samba-Panza innsett som president inntil vidare etter at Michael Djotodia gjekk av etter press frå nabolanda. Bøås meiner at den politiske eliten i landet ikkje er i stand til å få slutt på valden, og ikkje alle er villige til det heller.

– Delar av eliten er knytt til den tidlegare presidenten, og det er mykje som tyder på at det blir manipulert og oppmuntra til vald frå høgare hald, seier han i intervjuet med NTB.

Presidenten i SAR, Catherine Samba-Panza.

Innsetjinga av Catherine Samba-Panza som førebels president har ikkje løyst krisa i SAR.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Frankrike har sendt 1600 soldatar i den tidlegare franske kolonien, i tillegg til rundt 5500 soldatar frå ulike afrikanske land, i håp om å greie å stanse den etniske konflikten i landet. Den noverande uroa starta i mars i fjor.

Humanitære organisasjonar reknar med at rundt ein million menneske er drivne frå heimane sine i SAR i løpet av det knappe året sidan den islamske militsen Seleka tok makta.

LES OGSÅ: Finland vurderer å sende soldater til Sentral-Afrika

LES OGSÅ: FN kan trenge 10.000 soldater i SAR

Funn av massegrav

Seleka-militsen stod bak ein omfattande valdsbruk mot det kristne fleirtalet i landet, og det er dokumentert massiv bruk av valdtekt, tortur og avrettingar. Eit vitne nyheitsbyrået Reuters har snakka med fortel at det er funne ei massegrav i ein militærleir i Bangui, som Seleka har kontrollert i fleire månader.

Eit ukjent tal menneske var senka ned i det som truleg var ein septiktank. Leiaren for det lokale Røde Kors, Antoine Mboa Bogo, stadfestar funnet av massegrava, og seier at dei i løpet av torsdag håpar å få slått fast kor mange menneske det er snakk om.

Ein kristen milits tok opp kampen mot den muslimske Seleka-militsen, og no er det muslimar som flyktar frå heimane sine. Det er dei siste vekene meldt om angrep på muslimar i fleire byar nordvest i landet, der både kvinner og born vart drepne.

NUPI-forskar Morten Bøås seier at den fredsbevarande MISCA-styrken både har

Mann truer med kniv i Bangui

Den etniske valden i Den sentralafrikanske republikk har blitt verre og verre den siste tida.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

for få soldatar for lite utstyr til å stanse valdsbruken. I tillegg er det mangel på tillit mellom dei fredsbevarande soldatane og dei lokale innbyggjarane.

LES OGSÅ: Ekstreme voldshandlinger i Bangui

LES OGSÅ: Presidenten og statsministeren trekker seg

Mistillit

– Mange av MISCA-soldatane kjem frå Tsjad. og dei blir møtte med stor mistillit frå mange kristne, som ser på dei som allierte med Seleka-militsen. Samstundes nærer mange sentralafrikanske muslimar stor skepsis til dei franske styrkane, seier Bøås.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon åtvara tidlegare denne veka mot at Den sentralafrikanske republikk skal bli eit etnisk delt land, der kristne og muslimar bur i kvar sine område.

– Både kristne og muslimar har blitt drepne og både kristne og muslimar har blitt drivne frå heimane sine, sa Ban Ki-moon blant anna.

– Må stanse militsen

Amnesty International krev no at dei fredsbevarande styrkane får kontroll over den kristne militsen, som den siste tida har jaga muslimar ut av hovudstaden Bangui og andre byar. Organisasjonen seier også at Seleka-militsen har halde fram med angrep på kristne også etter at dei vart kasta ut av hovudstaden Bangui.

Også sjefen for den franske styrken i SAR, general Francisco Soriano, skulda måndag den kristne militsen for å vere «fiendar av fred».

Muslimer flykter fra Bangui

Mange muslimar har flykta frå hovudstaden Bangui dei siste dagane.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt