Hopp til innhold

- Drep Nasrallah straks

Israels tidlegare forsvarsminister, Benjamin Ben Eliezer, meiner den israelske hæren bør drepe Hizbollah-leiar Hassan Nasrallah.

Nasrallah på talerstolen
Foto: , -

Benjamin Ben Eliezer tilhøyrer det israelske arbeidarpartiet, som har regjeringsmakta i Israel saman med Kadima-partiet.

- Vi bør likvidere Nasrallah ved første høve, fordi han er sjølve inkarnasjonen av vondskap. Ikkje berre for oss, men også for muslimar og kristne, sa han til den israelske hæren sin radiostasjon i føremiddag.

 

 Tidlegare i dag sa ein talsmann for libanesiske styresmakter at dei reknar med at dei siste israelske styrkane, som har stått i Libanon sidan juli, blir trekte ut i løpet av morgondagen.

Hassan Nasrallah er øvste leiar i den libanesiske, islamistiske geriljarørsla Hizbollah, som under krigen i juli og august skaut rundt 3000 rakettar mot israelske byar og landsbyar.

Nyleg sa han i ein tale til fleire titusen tilhengjarar i hovudstaden Beirut at Hizbollah ikkje er svekt etter krigen, og at dei har over 20.000 rakettar på lager.

Hizbollah er ein vesentleg maktfaktor i Libanon, og organisasjonen mottek betydeleg støtte frå Iran og Syria, både økonomisk og militært.

SISTE NYTT

Siste nytt