Hopp til innhold

- Dødspiloten hadde problem med synet

Andreas Lubitz sleit med alvorleg psykosomatisk sjukdom, seier politietterforskarar i Düsseldorf. Han søkte blant anna behandling for problem med synet, eit problem som kunne ha kosta han jobben som pilot.

Andreas Lubitz

Andras Lubitz leid av alvorleg depresjon og hadde fleire psykosomatiske symptom, seier etterforskarar.

Foto: STRINGER / Reuters

New York Times skriv i dag at Lubitz søkte legehjelp for problem med synet, og at desse problema truleg kunne ha kosta han jobben som pilot. Avisa siterer to sentrale etterforskarar i saka.

New York Times har vist seg å ha hatt gode kjelder i etterforskinga av flystyrten i Dei franske alpane sist tysdag, der 150 menneske miste livet. Politiet meiner at andrepiloten Andreas Lubitz styrta flyet med vilje.

Den franske avisa Le Figaro skriv at synet hans var redusert med 30 prosent.

Spesialgruppe etterforskar

Beslagla datamaskinen til Lubitz

Etterforskarar tek med seg datamaskinen til Andreas Lubitz ut av huset han budde i.

Foto: KAI PFAFFENBACH / Reuters/NTB Scanpix

Politiet i Düsseldorf, byen der Lubitz budde, har sett ned ei spesialgruppe for etterforsking av Lubitz og hans rolle i flystyrten. Gruppa har fått namnet Alpen (Alpene). Ein leiande etterforskar i gruppa seier til den tyske avisa Die Welt at politiet veit at Lubitz leid av alvorleg psykosomatisk sjukdom.

Psykosomatisk sjukdom er fysiske symptom der det ikkje er mogleg å finne ei klar medisinsk årsak. Det kan vere til dømes kronisk hovudverk, ryggsmerter, irritabel tarm, svimling eller tinnitus. Problem med synet kan også vere eit slikt symptom, men det er uklart om det var i tilfelle med Lubitz.

Utløysande faktorar kan vere negative kjensler som sinne, frykt eller depresjon over tid. Slike stressreaksjonar kan svekkje immunforsvaret i kroppen og forstyrre viktige metabolske prosessar og prosessar i blodkara, ifølgje «Welt am Sonntag».

- Alvorlege depresjonar

Kjelda til «Welt am Sonntag» seier at den 27 år gamle piloten har fått behandling av fleire nevrologar og psykiatrar. Under ransaking av bustaden hans i Düsseldorf har dei funne fleire typar medikament som blir brukte mot psykiske lidingar.

Spesialgruppa har ikkje funne noko som kan tyde på at han var avhengig av alkohol eller narkotika.

Etterforskarar som har gått gjennom datamaskinen til Lubitz og notat som er funne i husværet hans, er ikkje i tvil om at han leid av alvorlege depresjonar.

Ein ekskjærast har fortalt at Lubitz hadde store psykiske problem . Det har også kome fram at andrepiloten skulle ha vore sjukmeld den fatale dagen, men at han reiv i stykke sjukmeldinga.

Flylege: – Lubitz' helsetilstand skal utløse varsling i Norge

Endra høgdenivået

Andreas Lubitz var åleine cockpiten på Germanwings A320 D-AIPX på veg frå Barcelona i Spania på veg til Düsseldorf i Tyskland då flyet byrja å tape høgde. Kapteinen var ute av cockpiten i ei kort stund, og då han ville inn igjen greidde andrepiloten å blokkere låssystemet slik at kapteinen vart stengt ute.

Etterforskarane meiner at Lubitz manuelt var inne og endra høgdenivået frå 38.000 fot til 100 fot, slik at passasjerflyet styrta i eit fjellområde i Dei franske alpane. Det kom fram i går at Lubitz var godt kjent i dette området.

SISTE NYTT

Siste nytt