Johannes Paul II er ein skarp kritikar av USA sin politikk overfor Irak. (Arkivfoto)
- Dei som har avgjort at alle dei fredelege metodane som det internasjonale samfunnet har til rådvelde ikkje lenger gjeld, har eit alvorleg ansvar overfor Gud, seier talsmann Joaquin Navarro-Valls på vegner av pave Johannes Paul II.
Dette er den første offisielle kommentaren frå Vatikanet til USA sitt ultimatum til Iraks president Saddam Hussein om å gå i eksil innan 48 timar, eller å bli utsett for eit amerikansk angrep på landet.
Pave Johannes Paul II ba i ei fråsegn til Tryggingsrådet i FN søndag om å halde fram forhandlingane for å oppnå ei fredeleg løysing på konflikten.