NRK Meny
Normal

- Alle angriparane på Serena Hotell er drepne

Afghanske tenestemenn seier i kveld at alle dei fire angriparane på Hotell Serena i Kabul er drepne. Alle gjestene er uskadde og trygge, blir det opplyst.

Væpnede politimenn utenfor Serena hotell i Kabul.

VIDEO: Væpna politi på plass utanfor hotellet

Det var tidlegare i kveld at ei gruppe væpna menn tok seg inn på hotellet, der det bur mange utlendingar. Norske spesialsoldatar vart sette inn i forsvaret av hotellet, men det er uklart om dei var i kamp.

Dei norske spesialsoldatane er i Afghanistan for å trene og vere mentorar for afghanske tryggingsstyrkar. Pressetalsmann for forsvarssjefen, major Eystein Kvarving, stadfesta at dei norske soldatane var involverte i det som skjedde saman med dei afghanske tryggingsstyrkane.

Afghanske spesialsoldatar i Kabul.

To afghanske tryggingssoldatar utanfor Serena Hotell i Kabul i kveld.

Foto: ROBERTO SCHMIDT / Afp
Persisk nyttårsfeiring

Det vart først meldt om skotveksling inne i bygningen. Ei kvinne som kom seg ut av hotellet saman med fleire andre gjestar, fortalde at skytinga starta i restauranten på hotellet. Ein annan gjest har fortalt at han høyrde sporadisk skyting.

Talsmann for det afghanske innenriksdepartementet, Sediq Sediqqi, om aksjonen mot Serena hotell i Kabul der de fire angriperne ble drept.

VIDEO: Afghansk UD orienterer

Taliban har teke på seg ansvaret for angrepet, som dei seier retta seg mot utlendingar og afghanarar som deltok i feiringa av det persiske nyttåret, Nowruz.

Tryggingskjelder i Kabul seier til Reuters at dei væpna mennene kom seg inn i hotellet via ei bakdør. Dei skal ha gøymt våpena sine i sokkane, blir det fortalt. Dei fire skal ha kome seg forbi fleire vaktpostar på hotellet ved å seie at dei skulle delta på ein middag der.

Nokre kjelder seier at dei fire måtte ha hatt hjelparar blant dei tilsette på hotellet.

Unge angriparar

Det gjekk ei stund rykte om at fleire menneske var tekne som gislar, men dette blir avvist av styresmaktene.

Talsmann for innanriksdepartementet, Sediq Sediqqi, seier at dei fire angriparane var svært unge, truleg rundt 18 år. Han stadfestar at dei hadde gøymt pistolar i sokkane sine. To av tryggingsvaktene på hotellet vart såra i angrepet, saman med ein utanlandsk tilsett seier han.

Gjestene vart raskt evakuerte til eit sikkert rom i kjellaren av hotellet, og ingen av dei vart såra. Ein av dei fire angriparane forskansa seg inne på eit toalett før han vart drepen, seier talsmannen.

Afghaske spesialsoldatar i Kabul.

Afghanske spesialsoldatar utanfor Hotell Serena i Kabul i kveld.

Foto: MOHAMMAD ISMAIL / Reuters

Sikrast for utlendingar

Hotellet blir rekna som den sikraste staden å bu for utlendingar i Kabul, og det er ofte nordmenn der. Det er kjent at det for tida bur mange FN-medarbeidarar på hotellet. Dei skal overvake det planlagde valet i landet 5. april.

Serena Hotell vart ramma av eit terrorangrep i 2008 , og den norske journalisten Carsten Thomassen vart drepen i angrepet. Den dåverande norske utanriksministeren, Jonas Gahr Støre, og fleire andre diplomatar og journalistar, var også til stades på hotellet då opprørarar frå Taliban gjekk til angrep.

Sikkerhetsvakter ved Serena Hotell

Serena Hotell er rekna for å vere sikraste staden for utlendingar i Kabul.

Foto: SHAH MARAI / AFP

Den norske ambassaden i Kabul opplyser at deira norske tilsette er trygge, men at dei jobbar med å finne ut om det kan vere andre nordmenn på hotellet. UD kjenner ikkje til at det var nordmenn på hotellet. På grunn av det komande valet er det mange utlendingar der.

Anders Sømme Hammer i Kairo

Den norske frilansjournalisten Anders Sømme Hammer fortel at det går mange rykte om kva som har skjedd.

Foto: NRK

Tidlegare torsdag gjekk Taliban til angrep på ein politistasjon i byen Jalalabad sør landet med fleire sjølvmordsbombarar. Minst 11 menneske vart drepne i angrepet, blant dei ein høgtståande politisjef.

Taliban har sagt at dei vil drepne alle som har med presidentvalet 5. april å gjere.

– Mange rykte

Den norske frilansjournalisten Anders Sømme Hammer oppheld seg i Faryab-provinsen nord i Afghanistan. Han sa tidlegare i kveld at han har fått mange tilbakemeldingar frå kjelder på staden om det som skjer på Serena Hotell. Eitt rykte var at to tryggingsvakter hadde byrja å krangle seg i mellom.

– Det går mange rykte. Det vi veit er at det har vore skyting inne på hotellet ei god stund, og at hotellet no er omringa av soldatar, blant anna norske spesialsoldatar, sa han til NRK ved 19.30-tida.

Han stadfestar at det bur mange utlendingar på hotellet, som blir rekna for å ha svært godt vakthald.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt