Mikkel Niva og

Mikkel Niva og Musoni Bernadette.

Foto: Vidar Josdal / NRK

Mikkel Niva: – Bistand treng ikkje vere trist. Ein kan formidle at det finst håp.

Då Mikkel Niva besøkte Rwanda i haust ønska han å formidle vidare kor bra det går med fleire og fleire kvinner i landet. Samtidig grua han seg til å møte mennene som banka og valdtok konene sine.

– Eg er veldig glad for at eg fekk lov til å dra ein stad med håp. Vi som givarar treng også å sjå arbeid som fungerer, og ikkje berre nød, seier Mikkel Niva.

Han er tilbake i Noreg. Nå sit han i ein raud kontorstol og teiknar på nettbrettet sitt. Søndag skal han vere med å leie TV-aksjonen si tv-sending.

Der er målet hans å vise at TV-aksjonen faktisk er med på å hjelpe menneske som treng det.

– Bistand treng ikkje vere trist. Det kan vere fint. Ein kan formidle at det finst håp, seier han

Mikkel, som ikkje er redd for å kalle seg feminist, og som til tider kan skamme seg over å vere mann, hadde gleda seg til å kunne snakke med og om kvinner i samband med TV-aksjonen. Spesielt sidan pengane frå TV-aksjonen 2019 i all hovudsak går direkte til prosjekt for kvinner.

Men nok ein gong tok mennene sin del av fokus. Litt som i hans eige liv – der han alltid hadde sakna å ha ein far i oppveksten.

Faren til Mikkel valde å ruse seg framfor å vere der for han. Derfor var Mikkel ekstra spent på å møte menn med liknande problem som faren, men som i tillegg var valdelege mot kvinnene i liva sine.

Mikkel Niva

Mikkel Niva er ein av tre programleiarar for TV-aksjonen 2019.

Foto: Vidar Josdal / NRK

Varmen, lufta og lukta treffer han då dørene på flyet blir opna etter dei har landa på lufthamna i Kigali.

– Det er noko spesielt med korleis lufta luktar av mineral der. Eg saknar den lukta nå når eg er i Noreg, seier Mikkel.

Før avreise tenkte han ein del på korleis samfunnet i Rwanda er – om det har komme seg etter folkemordet? Kan ein heil nasjon bli bygd opp att så kjapt etter eit slik kollektivt traume? Og korleis har folk det i dag?

Han og eit dokumentarteam frå NRK skal først innom Kigali, hovudstaden i Rwanda, før dei fortset ferda mot landsbygda for å lage ein dokumentar om korleis Care jobbar.

Det slår Mikkel kor moderne hovudstaden er, med høge bygningar, gode restaurantar, hippe kaffibarar og unge menneske som ser ut til å ha ting på stell. Ikkje ulikt slik han opplever Oslo, og eit stykke unna førestillinga om eit land der rundt 800.000 av innbyggarane blei drepne i eit folkemord i 1994.

– Byen malar eit anna bilde enn det typiske TV-aksjonsbildet, seier Mikkel.

For han følast det som ein annan stad enn der kvinner ikkje kan tene eigne pengar, bestemme over eigen kropp eller få stemma si høyrd.

Men det er ikkje Kigali dei har dratt på tur til for å lage dokumentar.

– Landsbyane utfor Kigali har mykje meir fattigdom. Det er i desse Care jobbar.

Og det er dit han og dokumentarteamet skal for å besøke spare- og lånegrupper –og for å treffe desse valdelege mennene.

Rwanda veg

På veg mot områda der Care jobbar.

Foto: Vidar Josdal / NRK

– Stolte over å vere ein del av Care sitt program

Spare- og lånegruppene, eit initiativ starta av Moira Eknes i Care Norge, fungerer som små sparebankar, der medlemmane kan spare og låne pengar. Det er medlemmane i gruppene som sjølv blir einige om reglane, som for eksempel kva renta skal vere.

Sjølv om ikkje kvar enkelt kvinne har så mykje sparepengar å betale inn i gruppa sin bankboks, så gjev summen frå alle kvinnene, grunnlag for lån til viktige saker som skulepengar, såfrø eller ein symaskin. Dette skapar igjen tryggleik og moglegheiter for entreprenørskap.

Slik kan kvinner få tak i eigne pengar, og hjelpe seg sjølv og dei rundt seg ut av fattigdom.

Ifølge Care har metoden hjelpt over 15 millionar kvinner ut av fattigdom på verdsbasis. Og med pengane frå TV-aksjonen skal organisasjonen hjelpe nye 400.000 kvinner på same måte.

Spare-låne-gruppe

I denne spare- og lånegruppa har kvinnene bestemt at mennene også får vere med. Det er berre kvinner som er leiarar i gruppa.

Foto: Vidar Josdal / NRK

Då Mikkel trår ut av bilen i ein landsby for å møte ei slik spare- og lånegruppe, blir han møtt med song og dans.

– Kvinnene hadde tatt på seg sine flottaste klede, og dei var så stolte over å vere ein del av Care sitt program. Det var vakkert å få oppleve, seier han.

Mikkel har vore nysgjerrig på korleis spare- og lånegruppene fungerer. Eller rettare sagt, om dei faktisk fungerer. Før han reiste, har han tenkt at det ikkje er så lett å vise kva pengane går til via Care sitt arbeid – at det er lettare å vise konsekvensane av bistand i form av fysiske ting, som reint vatn eller klede.

Etter velkomsten fortset møtet i gruppa. Mikkel sit utfor ringen som kvinnene sit i. Han småsnakkar med guiden sin, men får kjapt beskjed om å vere roleg og ikkje forstyrre. Stemninga er høgtidleg, tenkar han.

Fire av kvinnene sit på ein eigen benk. Dei har kvar si oppgåve, og saman har dei det administrative ansvaret for gruppa.

Ei etter ei betalar kvinnene inn pengar til dei fire på benken. Mikkel får lyst til å forevige augeblinken som han synest er så fin, og like etter ei kvinne i raud fotsid kjole har betalt, reiser han seg, tar fram mobiltelefonen og spør om det er greitt at han tar eit bilde av dei fire kvinnene.

Han får blankt avslag.

Han har forstyrra gruppa og brote ein av reglane. Nå må han betale ei bot tilsvarande ei norske krone inn i kassa til gruppa. Ho som fører rekneskapen, skriv bota ned i protokollen, og Mikkel spring mot bilen for å hente pengane.

– Då det skjedde, tenkte eg at nå har eg drite meg ut, eg har forstyrra det mest heilage av det heilage. Men folk lo av det. Når dei har humor og overskot til å ha litt sjølvironi, då er livet på rett kjøl.

Alle kvinnene som er med, gjev pengar til gruppa ein gong i veka, og når det er gjort, er det opent for at folk kan låne pengar. Då må ein stå framfor alle dei andre og seie kva ein skal bruke lånet til. Gruppa diskuterer så seg i mellom, og blir einige om personen får innvilga lånet.

Spare- og lånegruppe

Leiar for ei av spare- og lånegruppene i Rwanda. Her fortel ho NRK-teamet korleis gruppa deira fungerer.

Foto: Vidar Josdal / NRK

– Eg blei skikkeleg rørt av å sjå kor svoltne dei var på å vise at dei hadde noko å komme med. Desse kvinnene har heile livet blitt fortalde av menn at dei ikkje har noko som helst å bidra med, seier han.

Det er vanleg for kvinnene å starte sitt eige litle selskap. Dei lagar kvar sin businessmodell. Pengane som kjem frå Care, går ikkje til å låne ut pengar til kvinnene, men blant anna til at dei skal lære litt økonomi og få ei forståing for forretningar.

– Kvinnene i Care-grupper er alle medeigarar av banken. Det gjer at dei får mykje sterkare eigarskap knytt til han. I tillegg gjev pengane dei ein tjuvstart på alle andre som ikkje har tilgang til like gode lån.

Mista heile familien i folkemordet

Musoni Bernadette, ei av kvinnene i gruppa, inviterer Mikkel heim til seg for å vise kva ho har bygd opp, etter at ho mista alt for om lag 25 år sidan.

Ho står rak og roleg mens ho ventar på Mikkel framfor huset sitt, og møter han med ein klem på kvart kinn. Så viser ho han inn i huset, rettar litt på bordet i stua og ber han om å sette seg.

Musoni Bernadette

Musoni Bernadette har med hjelp frå ei spare- og lånegruppe klart å skape ei flott framtid for seg og ungane.

Foto: Vidar Josdal / NRK

Saman med mannen og ungane, klarte Bernadette å rømme frå Rwanda då folkemordet starta i 1994. Resten av familien hennar blei drepne, like framfor auga hennar.

Ho smiler mens ho fortel at ho ofte pleier å skjule minna, slik at ho ikkje blir såra av å tenke på dei.

I tida etter folkemordet, levde familien av at mannen selde handverk i Kenya og Uganda. Men for 14 år sidan blei livet til Bernadette nok ein gong snudd opp ned.

Slik han pleidde, reiste mannen ein dag for å selje handverk i nabolanda.

Han kom aldri tilbake igjen.

I åra som gjekk, måtte ho oppdra sju ungar aleine. På eit tidspunkt var ho så deprimert at ho fekk magesår, men ho fortalde ingen om korleis ho hadde det. Ho hadde ingen å snakke med

Etter kvart innsåg ho at mannen ikkje kom tilbake, og at ho måtte gå vidare.

– Med hjelp frå Care har Bernadette det godt i dag, seier Mikkel.

Barna går nå på skule og universitet, og i dag lever ho av å selje figurar som blir laga av tre frå skogen på eigedommen hennar. Ho fekk nyleg straum i huset og tilgang på vatn. I tillegg har ho to kalvar og ein tilsett på garden. Alt dette har ho klart sjølv, utan at nokon har gjeve ho pengar.

– Det gjorde sterkt inntrykk på meg at ho gjorde så godt ho kunne for ikkje å gråte. Ho hadde nok ikkje hatt moglegheit til å gråte, for ho måtte overleve. Til sjuande og sist gjekk det bra med ho. Nå går ho rundt på garden sin som ei dronning i sitt eige litle rike, med sitt heilt eige palass, seier han.

Jobbar for haldningsendring

Rwanda ligg faktisk på sjetteplass på World Economic Forum sin globale ranking i The Global Gender Gap Report 2018. Rapporten har komme ut sidan 2006 og rangerer land etter kor likestilte kjønna er innan utdanning, politisk fridom og deltaking, økonomisk deltaking og helse og overleving.

Trass Rwanda si høge plassering, er det likevel éin ting som gjer at spare og- lånegrupper kan vere vanskelege å starte i mange område – nemleg menn.

Det kan kanskje verke litt merkeleg når ein veit at 55,7 prosent av nasjonalforsamlinga i Rwanda var kvinner i 2017. Til samanlikning var det berre 41,4 prosent kvinner i Noregs nasjonalforsamling, Stortinget, det same året.

– Utfordringa er ofte at ektemenn ikkje taklar at konene har sin eigen økonomi og sine eigne meiningar, seier Mikkel.

Det nasjonale politiet og militæret i Rwanda, estimerte i 2011 med at opp mot 93 prosent av offera for fysisk og psykisk vald i landet, var kvinner.

Derfor jobbar Care i heilt eigne grupper for å forandre menn og haldningane deira.

Care-arbeidar

I tillegg til å gje kvinner hjelp, jobbar Care med haldningsendring hos menn.

Foto: Vidar Josdal / NRK

Mikkel slit med å forstå at det igjen er menn som øydelegg for utviklinga.

– Det er nærmast fascinerande at det største problemet Care har i å gjere jobben sin for kvinner, er det motsette kjønn.

I gruppene for menn som Care støttar, kjem mennene saman med konene. Gruppene blir heldt ute i det fri, slik at forbipasserande kan sette seg ned for å sjå på kva som skjer.

For å jobbe seg rundt skamma som er knytt til vald i heimen, og at mange har vanskeleg for å sette ord på ting, bruker Care rollespel for å illustrere korleis mange kvinner har det i ekteskapa sine.

Slik blir mennene tvinga til å sjå si eiga åtferd frå eit kvinneperspektiv.

– Ut frå dette legg Care opp til dialog og diskusjon blant dei som har møtt fram. Dei spør deltakarane om kva ein kan lære av rollespelet, seier Mikkel.

For Mikkel er dette gruppemøtet eit innblikk i korleis ein jobbar heilt frå starten med mennene.

– Det var som om dei innsåg at livet kan vere noko meir enn det har vore.

Nysgjerrigheita tar overhand. Sjølv om Mikkel heile turen har grua seg til å møte desse mennene som bankar og valdtar konene sine, ber han nå om å få møte nokre menn aleine. Han ønsker å forstå meir om korleis dei er i stand til å utføre kjønnsbasert vald.

Mikkel og dei valdelege mennene

I eit lite skogholt like utfor landsbyen, skal Mikkel møte eit par menn som Care har funne til han.

Då han kjem der, er det ikkje berre eit par som sit klare. 19 menn har møtt opp. Dei sit på trestolar i ein ring og ventar på han.

Eg pleidde å banke kona mi som om eg ønska å drepe ho. Det var som eg var gal. Ho har framleis arr frå eg slo ho med flatsida av macheten min, seier ein av mennene.

Han har skjegg, går med open skjorte og brun hatt. Mannen som tidlegare blei kalla for Simba av dei andre i landsbyen, ristar sakte på hovudet mens han fortel om korleis han var før. Simba betyr løve på Swahili. Han fekk kallenamnet fordi han blei sett på som farleg, seier han.

Etter at han blei med i gruppa til Care, har han endra oppførsel og haldningar. Han blir nå kalla Mugwaneza, som betyr «han som er snill».

Ein annan seier at kona har arr på baksida av hovudet etter at han kasta ho i veggen. Av og til seier ho at sjølv om ho har tilgjeve meg, vil ho aldri gløyme arra, seier han.

Mikkel prøver å forstå kvifor dei kan gjere slike handlingar mot nokon dei elskar, og spør mennene rett ut.

Som svar får han frå ein tredje mann at han må sjå på korleis dei blei oppdratte av foreldra sine. Mannen fortel at han hadde søstrer, men at faren verdsette han høgare. Når han sjølv blei gift, behandla han kona slik han hadde sett at faren behandla mora. Han visste ikkje at det var feil. Han angrar i dag.

menn

Til slutt møtte Mikkel mennene som var valdelege mot kvinnene i liva deira.

Foto: Vidar Josdal / NRK

– Eg lærte at det kjem frå kulturen dei vaks opp i. Å få møte desse mennene, fjerna ein del av mystikken for kven dei er. Ein ser at dei berre er menneske, som slit med å ta ansvar for familien heilt aleine, seier Mikkel.

Han synest mennene, som han grua seg til å treffe, liknar menn som har vore einsame og som ikkje har turt å snakke om det, men som nå har forandra seg.

– Nå er dei menn som sit i ein ring og snakkar om at det er litt drit å vere menneske, og som forstår at det er lov å seie det til nokon. Nå kan dei runde livet saman med kona, framfor å banke ho og tru at dei skal runde det aleine, seier han.

For Mikkel har turen vist at arbeidet som Care gjer, har effekt på både kvinnene og samfunnet dei lever i. Han meiner også at denne typen bistand ikkje berre fikser ei akutt utfordring, men har eit langsiktig perspektiv.

– Arbeidet vil sette spor i generasjonar framover.

Likevel innser han at det er ein lang veg å gå før ein er nærleiken av ha reell likestilling, både lokalt, nasjonalt og globalt.

– Skal ein komme seg nærmare målet, må folk opne opp døra på søndag, vippse eller gå med bøsse. Folk må ikkje gløyme at me har hatt det slik i Noreg òg. Heller ikkje her er samfunnet hundre prosent likestilt.