Hopp til innhold

Slit med å få nok bøsseberarar: – Mange gler seg til å få besøk

Eit stort lager med T-skjorter som skal brukast av bøsseberarar på søndag ligg i garasjen til Tove Ytterbø. Særleg i to Vestfold-byar manglar det mange frivillige til TV-aksjonen i år.

Tove Ytterbø

VENTAR PÅ FRIVILLIGE: Desse T-skjortene skal delast ut til dei som stiller som bøsseberarar på søndag. Særleg dei store byane manglar frivillige, seier Tove Ytterbø.

Foto: Håkon Lie

– Vi veit at mange gler seg til å få besøk av TV-aksjonen. Blant anna ei dame som vi veit alltid pyntar seg og ventar på at bøsseberarane skal komme på besøk.

Det seier Tove Ytterbø, som er ansvarleg for aksjonen i Vestfold og Telemark.

Sjølv om færraste av oss bruker kontantar, har ho eit stort ønske om at flest mogleg skal få besøk av bøsseberarar på døra.

– Ei dame ringde oss nettopp og sa at ho håpa at det kom nokon på døra. Ho skulle lage kake som bøsseberarane skulle få med seg.

Vanskelegare etter korona

Det er ledige ruter i alle kommunar, men nokre stader er det ekstra stort behov.

– Akkurat no så er det kanskje i Tønsberg at folk må mobilisere litt. Og andre store byar som til dømes Sandefjord. Men det tikkar inn. Seinast i går kveld så var det fleire som melde seg.

Likevel ser ho at det er færre folk som stiller opp no enn før.

– Vi ser at det har vorte litt vanskelegare etter koronatida. Fordi folk kanskje trur at menneskemøtet i døra ikkje er så viktig lenger, men det er det.

Under aksjonen i fjor kom ein tredel av innsamla beløp via bøsser og møte i døra.

– For somme er det kanskje den eine gongen i året at nokon ringjer på døra. På grunn av einsemd og utanforskap er det veldig viktig med menneskemøte i det digitale samfunnet vårt, meiner Ytterbø.

TV-aksjonen 2023

På TV skal TV-aksjonen 2023 leiast av Adelina Ibishi og Tarjei Strøm og for første gong blir den sendt frå Bergen.

Foto: Eivind Senneset

Enkelt å melde seg på

Årets innsamling går til Redd Barna og arbeidet med å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt.

Pengane blir fordelte mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.

Ifølgje Ytterbø skal det vere lett å melde seg på som bøsseberar på søndag.

– Då er det berre å gå inn på nettsida tvaksjonen.no. Der første biletet du får opp er eit spørsmål om du bil bli bøsseberar. Så berre fyller du ut skjemaet, så er du ein bøsseberar.