Hopp til innhold

Vindkraftmotstandar dømt til fengsel etter å ha skremt tilsett i Trønderenergi

I 20 minutt følgde tiltalte etter bilen til Trønderenergi på Hitra. I den sat ein kvinneleg tilsett som etter kvart frykta for livet sitt. No er mannen dømt til 75 dagars fengsel for skremmande køyring.

Politi og arbeider på Frøya

Politiet har vore mykje til stades i Nessadalen på Frøya der utbygginga er i gang.

Foto: Morten Andersen/NRK

Det var i mai i fjor at den kvinnelege ingeniøren i Trønderenergi var på veg heim frå jobben med vindkraftutbygginga på Frøya. Ho køyrde ein bil med firmalogoen til Trønderenergi.

Då ho nærma seg Fillan på Hitra oppdaga ho bilen som kom opp tett bak henne. Ho kjende situasjonen så ubehageleg at ho bestemte seg for å køyre vidare i staden for å stoppe for ein matbit.

Torde ikkje stoppe

På veg ut av sentrum i Fillan køyrde tiltalte forbi henne og bråbremsa slik at ho nesten køyrde inn i bilen. Like etter svinga den frå side til side, stoppa nesten opp før den sette opp farten og forsvann.

Kvinna forklarte i Fosen tingrett at ho ikkje torde å stoppe av frykt for kva som kunne skje. Ho håpa at bilen hadde forsvunne. Men litt seinare såg ho den parkert ved ei avkøyring. Like før ho passerte der, «skaut» den andre bilen ut i vegbana hennar og forsvann på nytt.

Då ringde ho politiet og fortalde om det som gjekk føre seg. Den siste episoden skjedde mens ho snakka med politiet: Den same bilen kjem brått tilbake, på kollisjonskurs, før den bråbremsar og skifter køyrefelt.

Vindkraftanlegg bygges på Frøya

Prosjektleiaren i Trønderenergi køyrde med firmalogoen på bilen. Ho opplevde heimturen som svært skremmande.

Foto: Jøte Toftaker/NRK

Tiltalte nekta straffskuld

Mannen i 30-åra vart dømt for å ha brote paragraf 3 i Vegtrafikklova om å ferdast omsynsfullt slik at det ikkje oppstår fare. Han vart også dømt etter Straffelova paragraf 266 for skremmande åtferd.

Mannen i 30-åra forklarte i Fosen tingrett at han skulle køyre til Frøya for å støtte vindkraftmotstandarane. Men sidan det byrja å bli seint på dagen, snudde han då han kom til Fillan på Hitra.

Videoopptak frå utsida av kjøpesenteret der viser bilen til tiltalte påfallande tett bak fornærma sin. Tiltalte vedgjekk at han såg Trønderenergibilen der, men nekta for bråbremsing og seinare vinglete køyring. Når det galdt bilen som kom på kollisjonskurs med Trønderenergibilen, meinte tiltalte dette må ha vore ein annan bil.

Risikofylt køyring

Retten trudde ikkje på forklaringa hans. I domen står det at handlinga er knytt til vindkraftutbygginga på Frøya. Tiltalte er medlem i Motvind og aktiv i sosiale medium om vindkraft.

Den fornærma kvinna køyrde ein bil med tydeleg logo for Trønderenergi. Handlinga er gjennomført for å skremme. Køyringa var risikofylt og kunne enda med både kollisjon og utforkøyring, meiner retten.

Aktor meinte tiltalte burde dømast til 90 dagars fengsel, retten fall ned på 75 dagar. Han får heller ikkje køyre bil på seks månader.

Aksjonister i Nessadalen på Frøya

Her er aksjonistar inne i anleggsområdet i Nessadalen på Frøya.

Foto: Ronny Teigås

Kamera og alltid to i Trønderenergibilane

Den tilsette i Trønderenergi forklarte i retten at ho frykta for livet sitt under det ho opplevde på veg heim 14. mai i fjor. Ingeniøren er småbarnsmor. Hendinga har påverka henne i korleis ho innrettar seg som omsorgsperson, skriv retten.

Tiltalte må også betale oppreisningserstatning på 10 tusen kroner til henne.

For Trønderenergi førte hendinga til at alle bilane deira vart utstyrte med videokamera. I tillegg skal det alltid vere to i bilen.

Motstanden mot vindkraftutbygginga på Frøya er framleis stor og seinast måndag oppdaga Trønderenergi sabotasje på anleggsmaskinene.

Det er ikkje klart om domen blir anka.

Byggleder for Trønderenergi Vidar Tøtlandsmo inspiserer en av anleggsmaskinene som er utsatt for sabotasje.

Byggeleiar for Trønderenergi Vidar Tøtlandsmo inspiserer ei av anleggsmaskinene som er utsett for sabotasje.

Foto: Jøte Toftaker / NRK