Hopp til innhold

Vil at fleire studentar skal få born

– Vi må slutte å straffe studentar som blir foreldre, meiner fertilitetsprofessor.

Spedbarn med melkeflaske

VENTAR: For mange let vere å få born før dei er etablert i yrkeslivet, meiner professor Arne Sunde.

Foto: Colourbox

Professor Arne Sunde

UTOLMODIG: Professor Arne Sunde meiner staten snarast må legge til rette for studentar som vil få born.

Foto: NRK

– I 20-30-åra er det best for kvinnekroppen å få born. Samtidig blir unge kvinner straffa økonomisk viss dei får det. No må noko gjerast, seier professor Arne Sunde ved St. Olavs Hospital.

Halvparten tek abort

Halvparten av kvinnene mellom 20 og 24 år som blir gravide vel å ta abort. Sunde trur mange av abortane skuldast dårleg studentøkonomi, og meiner betre tilrettelegging frå staten må til.

– No må staten bestemme seg. Ein kan ikkje oppfordre dei friske, unge kvinnene til å få born utan å gjere det enklare for dei økonomisk, seier professoren.

Han presiserer at det ikkje skal vere noko press på studentkvinnene, men at dei som ønsker å få born tidleg bør få moglegheita til det.

– Fleksibel studentkvardag

Sunde meiner studenttilvêret eignar seg godt når ein skal stifte familie, og er ein motstandar av at alle absolutt må gjere seg ferdig med utdanninga så fort som råd.

– Som student har du ein fleksibel kvardag. Du kan droppe ei forelesning dersom ungen er sjuk, og lese når det passar. Trur du det blir enklare i dei harde 30-åra? spør professoren retorisk.

Han meiner det tøffe yrkeslivet, som ventar mange kvinner etter utdanninga, er mykje vanskelegare å kombinere med barnefødsel.

Få studentar på pappaperm

Sunde meiner det bør bli enklare å ta permisjon frå studiet utan å slite økonomisk etterpå. Det er noko også Velferdstinget i Trondheim kjempar for.

– Det burde gå an å ta eksamen fleire gonger i semesteret og tilrettelegge obligatoriske aktivitetar slik at ein slepp å bli eit heilt år forsenka i studiet, seier nestleiar i Velferdstinget Elisabeth Ofstad.

Ho er spesielt bekymra over at så få studentfedre tek permisjon, og meiner grunnen er at eit år utsetting får store økonomiske konsekvensar.

Berre 2,8 prosent av dei rundt 5000 som får foreldrestipend frå Lånekassen er menn.

HØYR: Yngve Syrtveit tok ikkje pappapermisjon som student

Ventar for lenge

Som seksjonsleiar ved fertilitetsseksjonen på St. Olav ser Arne Sunde stadig at kvinner treng assistert befruktning fordi dei har venta for lenge. Han ønsker at staten skal vedgå at det er lurt at unge studentar får born.

– Vi må bestemme oss; er det fornuftig at ein er ung når ein får born eller ikkje? Dersom vi meiner det er fornuftig må det leggast til rette for at dei som er i utdanning kan få born, seier professoren.