Hopp til innhold

Varmen gir stor vassmangel: – Plantane våre vil døy ut

Sommarvarmen fører til vatningsforbod i fleire norske kommunar. Det byr på store problem for dei som driv gartneri.

Bjørn Ystgård

KNUSKTØRT: Vatningsforbodet har gått hardt utover plantane til Bjørn Ystgård på Ystgård gartneri.

Foto: Vegard Woll / NRK

– Det er ikkje så enkelt. Vi har heldigvis fått dispensasjon her på gartneriet. Vi må vatne om natta, og så er det avgrensingar på mengde og forbruk per døgn og veke.

Det fortel Bjørn Ystgård ved Ystgård gartneri i Inderøy i Trøndelag.

Det er tredje år på rad at dei nær 7000 innbyggjarane på Inderøy opplever vatningsrestriksjonar- og forbod.

Ystgård gartneri rekk ikkje over heile arealet med tidsbegrensinga dei har fått. Det går utover vekst og kvalitet på grønsakene. Forbodet på Inderøy gjeld vatning av jordbruks- og plenareal med slange og vasspreiar. Det er lov å vatne blomar med kanne.

– Vi rekk berre over ein tredjedel. Forhåpentlegvis klarer vi å berge avlingane, seier Ystgård.

Fleire kommunar i Trøndelag har innført vatningsrestriksjonar og forbod som følge av dei høge temperaturane dei siste vekene. Både i Levanger og Stjørdal blir folk oppfordra om å spare på vatnet. Innbyggjarane på Inderøy har likevel fått størst inngripingar i kvardagen sin.

Anna og Per Vatn frå Inderøy er kjende for å ha ein frodig og velstelt hage. Gjennom femti år har folk reist langt for å sjå på livsverket deira.

Anna og Per Vatn

HAGEPARADIS: Vatningsforbod byr på utfordringar for Anna og Per Vatn sin hage på Inderøy.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Plantane våre vil døy ut. Vi har ein fjellhage med lite jord, og der trengst det veldig mykje vatn, fortel Anna fortvila.

– Alt på Inderøy kjem til å lide no. Vi kan ikkje kalle oss «Nordens Toscana» lenger, seier ektemannen Per.

Det er tydeleg at innbyggjarane på Inderøy er frustrerte over situasjonen. Fleire av dei kjøper no vatn i butikken, skriv Trønder-Avisa.

Ystgård ved gartneriet har fått beskjed om at vatningsforbodet vil gjelde heile sommaren dersom situasjonen ikkje betrar seg. Han kritiserer kommunen for å ikkje ha tatt tak i problemet tidlegare.

– Eg føler at dei har sove litt i timen. Vi har hatt vatningsforbod med jamne mellomrom heilt sidan 2007. Det bør ikkje komme som julekvelden på kjerringa, det, seier han.

Juni har vore ein ekstremmånad

Erlend Rotmo Slapgård, teknisk sjef i Inderøy kommune, fortel at vassforbruket har gått kraftig opp.

– Vi har eit kapasitetsproblem. Forbruket av vatn ligg heilt på maksgrensa av det vi klarer.

Inderøy kommune opplyser om at det ikkje er mengda på vatn i vasskjelda som er utfordringa, men kapasiteten på reinseanlegg og pumper som har blitt sprengt på grunn av eit stadig høgare forbruk.

– No går det ein million liter meir vatn i døgnet på sommaren enn om vinteren. Dette har vore ein ekstremmånad. Det har ikkje regna i heile juni, seier Slapgård.

Erlend Rotmo Slapgård

KAPASITETSPROBLEM: Erlend Rotmo Slapgård i Inderøy kommune fortel at vassforbruket er altfor høgt.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Han fortel at det blei bygd eit høgdebasseng i 2012 som skulle vere meir robust med tanke på variasjonar i vassforbruket.

– Vi gjer dette for å sikre drikkevatn til innbyggjarane våre. Ikkje for moro skuld.

Stjørdal kommune: – Forbod er siste utveg

I Stjørdal kommune er det ikkje forbod mot å vatne, men det er innført restriksjonar.

– Vi såg at vassbehandlingsanlegget ikkje klarte å produsere nok vatn på grunn av høgt forbruk. Dei siste vekene har nivået på høgdebassenga våre minka dag for dag, seier Even Blengsli, avdelingsleiar for vatn i Stjørdal kommune.

I første omgang har kommunen oppfordra innbyggjarane i Stjørdal til å redusere forbruket av vatn. Han rosar stjørdalingane for å ha vore flinke til å spare på vatnet.

Kva er konsekvensane dersom folk ikkje høyrer etter?

– Konsekvensane er at ein må innføre eit forbod. Det er ganske inngripande. Vi ynskjer i utgangspunktet ikkje å innføre noko forbod. Det er siste utveg, fastslår han.

Mat skal reddast

Tilbake på gartneriet fryktar Ystgård at vassmangel kan få langvarige økonomiske konsekvensar for gartneriet.

Ystgård gartneri

FORTVILANDE SITUASJON: Bjørn Ystgård håpar han klarer å redde åkeren sin.

Foto: Vegard Woll / NRK

– Det har vore tørt om sommaren tidlegare, men det har aldri blitt vassmangel så tidleg på sommaren som i år.

Han legg til:

– Eg håpar at innbyggjarane saman vil legge ned ein felles innsats for å berge maten og få lov til å bruke vatn som normalt igjen.