Hopp til innhold

Våpensikta: – Er redd for livet mitt, har fått så mykje bank

Mannen som vart tatt med ein revolver i Trondheim sentrum onsdag, seier våpenet var defekt. Sikta i 20-åra er tidlegare dømt for å ha hatt ein startpistol med seg på toget.

Revolver

Sikta meiner revolveren han hadde med seg til byen ikkje verka. Han hadde heller ikkje kuler med seg. Politiet undersøkjer framleis om våpenet var defekt.

Foto: Politiet

Fredag møtte den sikta i Trøndelag tingrett. Politiet ba om fire vekers varetekt etter det som skjedde i Trondheim sentrum onsdag. Den sikta blei fengsla fram til 16. november.

Ei kvinne varsla politiet etter at sikta sat på ein buss med eit våpen.

Mannen vart pågripen like etter ved Trondheim torg.

Seier han mista våpenet ut av lomma

Om våpenepisoden onsdag fortalde sikta at han tok bussen til byen. På bussen mista han revolveren ut av lomma og tok den opp. På Trondheim torg gjekk han på McDonalds. Brått oppdaga han masse politifolk utanfor.

Sikta fekk panikk, gjekk ned på toalettet og la våpenet først i doen. Så bestemte han seg for å legge den opp i ein lampe på do i staden. Dette skjedde mens politiet stod utanfor den låste toalettdøra, kom det fram under fengslingsmøtet. Ei patrontønne vart funne i toalettet, men ingen kuler.

Aktor, politiadvokat Anne Haave opplyste i retten at det var barnehagebarn på tur på Torvet då dette skjedde.

Sikta svarte at han skjøner det ikkje var bra, men at han aldri hadde tankar om å skremme nokon.

Aktor opplyste at video frå McDonalds viser at sikta tek opp revolveren frå sokken eller skoen og plasserer den i bukselinningen.

Sikta ristar på hovudet då han høyrer dette.

Anne Haave

Aktor Anne Haave kallar hendinga som svært alvorleg og ber om at sikta blir varetektsfengsla.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Er redd for livet mitt

I fengslingsmøtet sa sikta seg skuldig i å ha hatt revolveren på seg. Men våpenet er ifølgje han defekt og han hadde heller ikkje ammunisjon.

– Om våpenet ikkje verkar, kan vi ikkje seie før vi har undersøkt det nærare. Det seier aktor Anne Haave til NRK.

Om kvifor han ber våpen sa mannen:

– Eg er redd for livet mitt. Eg har fått så mykje bank og trugsmål etter at eg kom til Trondheim.

Mannen sa han er rusavhengig og treng behandling.

Lovbrota han har gjort er for å skaffe narkotika og det er dyrt, sa sikta. Våpenet har han for å hindre at han blir rana av andre, forklarte han:

– Eg er aleine, dei (ranarane journ. merknad) er mange, sa sikta.

Tiltalt for narkotikalovbrot, trugsmål og vald

I fengslingsmøtet forklarte mannen seg om forholda han tidlegare er tiltalt for. Han sa seg skuldig i noko, men nekta for andre.

For før hendinga i Trondheim onsdag, var det klart at mannen må møte i retten neste månad tiltalt for fleire narkotikalovbrot, trugsmål og vald mot politiet tidlegare i år.

Narkotikaen dreier seg mellom anna om kokain og cannabis, forutan ecstasy og fleire hundre andre narkotiske piller.

Han nekta også for å ha dytta og tatt tak i to politibetjentar i arresten på politihuset i Trondheim i juli då dei skulle undersøke mobiltelefonen hans. Han motsette seg dette ved å slå på hendene deira, sa han i retten.

Trugande meldingar

I januar i år skal han ha sendt trugande meldingar til ei anna polititenestekvinne.

januar 2021

Sikta:RING MER HER DIN JÆVLA EKLE POLITI HORE, DU
RINGER KONA MI FOR Å SNAKKE MED HENNE, FY FAEN I HELVETTE JEG SKAL
GJØRE LIVET DITT ENKELT. DU HAR MED Å GI MEG NAVNET DITT... SÅ SKAL
JEG FUCKE MED DINE BARN OG MANN!!!! JÆVLA FITTE

Sikta meiner at dette er det ikkje han som har skrive. Andre hadde tilgang til mobilen hans, opplyste han i fengslingsmøtet. Han har heller ikkje noka kone slik det står i meldinga, påpeika han i retten.

Fare for ny kriminalitet om han ikkje blir fengsla

Aktor seier hendinga i Trondheim sentrum onsdag var svært alvorleg:

– På ein stad med mange menneske gjekk sikta rundt med eit synleg våpen.

Advokat Christian Wiig står i Sør-Trøndelag tingrett

Forsvarar Christian Wiig meiner sikta bør undersøkast av psykiater. Aktor seier til NRK at politiet ser på han som tilrekneleg og at han vil få hjelp i fengselet om han treng det.

Foto: Morten Andersen / NRK

Haave viste også til at det er fare for at sikta kan stikke av og ikkje møte til rettssaka neste månad om han blir sett fri. Rettssaka skulle vore førre månad, men det har vore umogeleg å få tak i tiltalte, opplyste Haave.

Sikta avviste at han hadde vore vanskeleg å få tak i.

Aktor viste også til at mannen i 2019 vart dømt for å bere våpen ulovleg.

Då hadde han ein startpistol, ein fallekniv og 145 gram hasj på seg då han kom med nattoget frå Oslo. Aktor den gongen meinte tiltalte burde dømast til 45 dagar i fengsel. Retten var i tvil, men dømde han til 88 timar samfunnsstraff fordi han var under rusbehandling.

Fredag kunne sikta godta ei veke i varetekt, men bad heller om å bli innlagd.

– Eg treng behandling, ikkje å bli sett i fengsel saman med hardbarka kriminelle.

Han avviste at han er valdeleg.

Forsvarar Christian Wiig meiner sikta bør undersøkast av psykiater. Aktor seier til NRK at politiet ser på han som tilrekneleg og at han vil få hjelp i fengselet om han treng det.

Trøndelag tingrett avgjer spørsmålet om varetekt seinare i dag.