Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes har handsama saka for Statsadvokatene i Trøndelag, og det er han som no legg bort saka.
– Grunnen til det er «bevisets stilling», det vil seie at bevisa ikkje er sterke nok til å tiltale nokon. Ingen har klart å konkludere med kva som er årsaka til dødsfallet, seier Soknes til NRK.
«Kvelning eller atypisk krybbedød er mulige årsaker»
Ein av dei rettsmedisinske sakkunnige, spesialist i barnemedisin, dr.med. Jens B. Grøgaard, konkluderer i rapporten sin frå juli i år med at årsaka til dødsfallet ikkje kan slås fast.
«Påført dødsfall gjennom kvelning eller atypisk krybbedød er begge mulige årsaker til døden», heiter det i rapporten.
Dette er òg sitert i dokumentet frå statsadvokaten, kor saka blir lagt bort.
– Veldig glade for beskjeden
Advokat Per Wold har fredag handtert saka på vegner av kollegaen Tore Angen, som har representert mora som har vore etterforska i saka.
Fredag ettermiddag kontakta Wold foreldreparet, og fortalde dei at saka er lagt bort fordi bevisa ikkje er sterke nok.
– Dei vart veldig glade for å få den beskjeden, men vil ikkje komme med fleire kommentarar, seier Wold til Adresseavisen, som først meldte om at saka var lagt bort.
Det var 27. november i fjor at ein 15 månader gamal gut vart funnen død i heimen sin i Vanvikan i Nord-Trøndelag. Foreldra hans hadde latt sonen vere heime åleine i to timar.
Paret vart sikta for å ha skadd guten slik at han døydde, sjølv om dødsårsaka ikkje var klar.
– Grundig etterforsking heilt naudsynt
Han meiner politiet har gjort ei veldig grundig etterforsking.
– Dei har mellom anna henta inn ekstern kompetanse, noko som var heilt naudsynt, seier han.
– Eg har gått gjennom saka ein ekstra gong, men i og med at det ikkje er muleg å fastsette kva som var årsaka til dødsfallet, må vi legge bort saka, seier han.
– Det har snart gått eitt år sidan barnet døydde. Har det tatt for lang tid å avgjere denne saka?
– Nei, i ei så alvorleg sak er det naturleg at det tar tid. Tidsbruken her har vore naudsynt, og tida er brukt på eit ordentleg vis, seier Bjørn Kristian Soknes.