Hopp til innhold

Utforkøyring i Skaun

To personar blei lettare skadd i ei utforkøyring i Skaun laurdag ettermiddag.

Ein 37 år gamal mann blei sendt til St. Olavs Hospital, mens ei 25 år gamal kvinne blei sendt til Orkdal sjukehus.

Politiet fekk melding om ulykka skjedde på "gamle E39" i Viggja i Skaun klokka 1549

– Dei to personane i bilen kom seg ikkje ut av bilen sjølv, seier operasjonsleiar, Birgit Monsås, ved Sør-Trøndelag politidistrikt til NRK Trøndelag.

Ifølgje St. Olavs Hospital er tilstanden til mannen stabil og skadane lette.

Det var glatt på vegen der ulykka skjedde.

Kvinne påkøyrd

Førti minutt tidlegare blei ei 57 år gamal kvinne påkøyrd av ein bil på Sørbogen i Klæbu.

– Ein bil sklei av vegen og tok med seg kvinna som var fotgjengar. Ho blei køyrd til St. Olavs Hospital med mulege brotskadar, seier Monsås.

Dei i bilen blei ikkje skadd. Ulykka blir etterforska vidare av politiet.