NRK Meny
Normal

Utfor vegen i tjuvlånt bil

Ein 16-år gamal gut blei skadd då han køyrde utfor vegen i ein tjuvlånt bil i Råbygda i Skaun i natt.

Guten var åleine i bilen då ulykka skjedde.

- Han skal ha køyrd på ein elg, og etter det skar bilen av vegen, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Tore Kyllo, til NRK Trøndelag.

Etter ulykka tok 16-åringen seg heim. Der fall han medvitslaus om og blei sendt til sjukehus.

- Politiet har mistanke om at guten køyrde med promille og har tatt blodprøve av han, seier Kyllo.

Det er uvisst kor alvorleg skadd guten er.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.