Hopp til innhold

To personar arresterte ved restaurant i storstilt politiaksjon: Sikta for narkotikalovbrot

Opplysningar om at liva til dei involverte var i fare, førte til at politiet sette inn helikopter, hundepatrulje og fleire ordinære politipatruljar i søket.

Solsiden, Trondheim

ARRESTERTE VED RESTAURANT: Dei to personane vart arresterte ved ein restaurant på Solsiden i Trondheim.

Foto: Stein Roar Leite

Rundt klokka 13.00 på laurdag vart to personar arresterte ved ein restaurant på Solsiden i Trondheim sentrum.

Politiet koplar dei to til bilen, som skal ha stukke av frå ein politikontroll laurdag morgon.

Adresseavisen meldte først om den storstilte politiaksjonen som følgde.

Opplysningar om at liva til dei involverte kunne vere i fare, gjorde at politiet sette inn mykje ressursar i søket, opplyser politiadvokat Eli Nessimo.

– Vitneobservasjonar peika på at det kunne vere fare for liv og helse for dei involverte, seier ho.

Politifolk sperra av vegen like ved der dei arresterte to personar på Solsiden.

STORSTILT POLITIAKSJON: Fleire politipatruljar søkte etter personane i Trondheim sentrum i dag. Her ser du to politipatruljar som sperrer av ein veg like ved der dei sikta vart arresterte.

Foto: Johannes Børstad / NRK

Politiet var væpna under oppdraget, og leita etter personane frå rundt klokka 09.00 laurdag morgon. Dei fann raskt bilen, men den var tom. Både hundepatrulje, politihelikopter frå Austlandet og fleire ordinære politipatruljar deltok i søket.

Personane er no sikta narkotikalovbrot og brot på vegtrafikklova. Dei sikta sit no i varetekt.

– Vi håper å få avhøyrt dei så raskt som mogleg, seier påtaleansvarleg Eli Nessimo.

Veit de kor mange personar var i bilen som unndrog seg kontroll?

– Vi har vitneobservasjonar og observasjonar frå politiet. Desse peikar på at det skal ha vore to personar i bilen, svarar Nessimo.

Av omsyn til etterforskinga vil ho ikkje kommentere kva narkotikalovbrot dei er sikta for.

– Siktinga for brot på vegtrafikklova handlar om å unndra seg kontroll, seier Nessimo.

Vidare i etterforskinga vil politiet undersøke kva tilknyting personane har til bilen. Dei vil og undersøke kvifor personane eventuelt unndrog seg kontroll.

– Om det vil vere grunnlag for å framstille dei for varetektsfengsling, vil vi ta stilling til på eit seinare tidspunkt, seier ho.