Torsdag kveld forklarte ein meldar til politiet at vedkommande blei drapstruga av to menn på ein busshaldeplass på Buran.
– Dei sa dei skulle drepe vedkommande. I tillegg uttalte dei to gjerningspersonane at dei hadde med seg kniv, seier operasjonsleiar Stig Roger Olsen i Trøndelag politidistrikt til NRK.
Politiet fekk melding om hendinga kl. 19.
Medan politiet hadde meldaren på telefonen, kunne vedkommande sjå at personane truga fleire folk på staden. Deretter sette dei to mennene seg på ein buss.
Sette i gong væpna aksjon
Politiet sette i gong ein væpna politiaksjon for å finne personane.
– Vi klarte kjapt å lokalisere bussen og gjerningspersonane ved hjelp av god beskriving frå tipsaren som mottok trusselen, fortel Olsen.
Den eine mannen er i starten av 20-åra, og den andre er i starten av 30-åra. Begge bur i Trondheim, og er kjenningar av politiet, bekreftar operasjonsleiaren i politiet overfor NRK.
Ber om tips frå publikum
Personane vart pågripne utanfor kjøpesenteret Sirkus Shopping ved Strindheim ni minutt etter at politiet fekk beskjed.
– Ingen skal vere fysisk skadd – så vidt vi veit, seier operasjonsleiaren.
Politiet jobbar med å skaffe seg oversikt. Dei ynskjer å komme i kontakt med folk som har blitt truga, og ber desse personane om å ringe 02800.