Hopp til innhold

NTNU-stipendiatar meiner suksessfull lesekampanje kan føre til lesepress

Men for tredjeklassingen Signe og sjetteklassingen Aasmund er dette ikkje eit problem.

Barna Signe Nilsen Bardal og Aasmund Nilsen Bardal viser fram hver sin bok. Norge i krig og en annen bok. Grønn jakke på gutt. Grå jakke på jente. De står foran hylle med bøker.

IVRIGE LESARAR: Søskena Aasmund og Signe Nilsen Bardal les mellom anna desse bøkene i sommar. Mange norske barn registrerer lesinga si i Sommerles.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Klokka ti om morgonen, den første veka i august, opnar biblioteket i Melhus dørene sine. Inn kjem leselystne barn på leiting etter skjulte skattar i mylderet av bøker.

Tredjeklassingen Signe Nilsen Bardal og sjetteklassingen Aasmund Nilsen Bardal er to av dei.

– Eg har lese åtte bøker i sommar, seier Signe stolt.

– Hadde du lese like mange bøker om du ikkje hadde vore med på Sommerles?

– Nei, svarar Signe, bestemt.

På det same spørsmålet svarar storebroren hennar, Aasmund:

– Njaa, å lese er noko av det beste eg veit uansett.

bilde fra Melhus bibliotek. To barn: Signe Nilsen Bardal og Aasmund Nilsen Bardal og en far står fra avstand.

LESEGLEDE: Familien Nilsen Bardal på biblioteket i Melhus.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Har lest to millionar bøker til saman

Sommerles er ein kampanje frå biblioteka som skal få fleire barneskuleelevar til å lese i sommarferien. Gjennom ein eigen digital møteplass kan ungane mellom anna registrere kva dei les.

162.000 barn har snart registrert til saman to millionar bøker på sommerles.no i sommar, opplyser prosjektleiar Siri Haga Torgersen.

Barna som bruker tenesta kan også vinne premiar og gå opp nye nivå etter kor mykje dei les.

– Når dei har komme opp til nivå 30 så seier eg at dei må halde fram med å lese, seier Trine Myhr, bibliotekar ved Trondheim hovudbibliotek.

– Men dei er jo uansett heilt gira, ler ho.

– Hovudfokuset vårt er uansett å lese, bli lese for eller lese for andre, seier Myhr.

Bibliotekar ved Trondheim hovedbibliotek Trine Myhr. Hun står med mønstret skjorte og smiler bredt. Hun forteller om lesekampanjen sommerles.

LESESPEL: Bibliotekar Trine Myhr er fornøgd med digitale kampanjen Sommerles, som skal motivere fleire barn til å lese.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Fryktar prestasjonsjag i ferien

– Vi har sjølv ungar som vi vil oppfordre til å lese i sommarferien, men vi reagerer på at det blir stilt forventingar frå enkelte skular om at elevane skal lese i sommarferien, seier Karen Birgitte Dille.

Nyleg skreiv ho og Maja Reinåmo Olsson ein kronikk i Adresseavisen der dei problematiserte fleire moment ved Sommerles-kampanjen.

Dille meiner skular som promoterer kampanjen må vere obs på at det kan få elevane og foreldre til å føle på eit lesepress og ekstra stress i ferien.

Dille og Olsson er begge foreldre til barn i Sommerles-målgruppa og stipendiatar ved institutt for lærarutdanning, NTNU. Dille har over 15 år med erfaring som lærar i grunnskulen. Olsson har jobba som førskulelærar tidlegare.

Karen Birgitte Dille minner om at feriar skal vere eit avbrekk ifrå kvardagen.

– Forsking viser også kor viktig det er å ha fri og stille minst mogleg krav til både ungar og vaksne når ein har ferie, seier ho.

– Vi har sjølv ungar som vi vil skal lese i sommarferien, men vi reagerer på at det blir stilt forventingar frå skular om at elevane skal lese i sommarferien, seier Karen Birgitte Dille.

ÅTVARAR MOT LESEPRESS: Karen Birgitte Dille minner om at det er viktig for barn å kople heilt av i ferien.

Foto: Privat

Vil at barna skal lese av eiga lyst

– Eg gjev dei heilt rett i at Sommerles skal vere ein frivillig ting, det er ikkje meininga at dette skal vere noko form for leselekse i sommaren.

Det seier prosjektleiar i Sommerles, Siri Haga Torgersen.

Ho har også skrive eit lengre svar på kritikken frå Olsson og Dille, som du kan lese i Adresseavisen.

– Heile poenget er å motivere barna til å lese av eiga lyst fordi det er kjekt, understrekar Torgersen.

Prosjektleiaren peikar på at barna kan lese kva som helst, og at dei heller ikkje treng å prestere noko i etterkant av lesinga.

– Korleis kommuniserte de dette til skulane?

– Vi ønskjer at skulane marknadsfører kampanjane, men i informasjonsskrivet vi sende ut understrekar vi tydeleg at det skal vere frivillig å vere med, svarar Haga Torgersen.

Føler ikkje på lesepress

– For vår del er det meir ein motivasjon. Det er eit val dei tar sjølv, som vi og skulen har introdusert for dei, seier Arnt-Inge Nilsen.

Han peiker også på at barna kan bli lese for og at dei kan høyre på lydbok, når vi spør han om dei kjenner på lesepress.

– Men du får spørje ungane sjølve, følgjer han opp.

Kan det ikkje føre til eit lesepress om at du må lese mykje, Signe?

– Nei, svarar ho kontant.