Hopp til innhold

Tiltalt passasjer filma fartsmålaren minutt før dødsulukka

Like før dødsulukka, filma den tiltalte passasjeren fartsmålaren som viste 140 kilometer i timen. Ein SMS til ein kamerat handla om fyllekøyring. I retten nektar han straffskuld for å ha medverka til aktlaust bildrap.

Dødsulykke i Melhus

HØG FART: Turen endte utfor E6 i stor fart. Sjåføren er tiltalt for aktlaust bildrap, promillekøyring, høg fart og for å køyrt uten førarkort.

Foto: Morten Karlsen / nrk

To 17-åringar sit på tiltalebenken i Trøndelag tingrett denne veka.

Den eine var sjåfør, den andre sat i forsetet då bilen køyrde av vegen i Melhus i fjor vår. I baksetet sat kameraten Iver Gylland (16) som mista livet.

Les også 17-åring om dødsulukka: Alkohol. Fart. Tullkøyring. Idioti

Utforkjøring Kvål

SMS frå passasjeren om fyllekøyring

Sjåføren sa seg skuldig i alt han er tiltalt for etter den fatale bilturen natt til sundag 23. mai.

Aktlaust bildrap, promillekøyring, for høg fart og for å ha køyrt utan førarkort for bil.

Kameraten er tiltalt for å ha sete på med ein sjåfør han visste var rusa og som ikkje hadde førarkort.

Men det mest alvorlege er at han skal ha medverka til dødsulukka ved å filme kupeen og fartsmålaren i bilen under køyringa. Han kan også ha oppmoda sjåføren til å køyre fort og uansvarleg, ifølge tiltalen.

Innhaldet på mobilane til dei to tiltalte er undersøkte av politiet. På telefonen til den tiltalte passasjeren vart det funne fleire bevis som retten fekk sjå onsdag.

Tiltalte har forklart at han ikkje tenkte på at kameraten var rusa før på slutten av bilturen.

Men klokka 0108, nesten ein time før ulukka, sende tiltalte ein SMS til ein kamerat der han skreiv:

«Fulle kjøre sjøp»

Red.merknad: Dette skal truleg forståast som «Fyllekjøre, sjø»

Tiltalte sa i retten at han ikkje kunne hugse mobilmeldinga. Men han var på Snapchat under køyreturen utan å kunne hugse detaljar.

Fartsmålar på 140 km eitt minutt før ulukka

Han såg heller ikkje på fartsmålaren fordi dei høyrde på musikk, sa han i forklaringa si.

Onsdag fekk retten sjå tre filmsnuttar som politiet fann på Snapchatkontoen hans.

Det er høg musikk på i bilen og filminga frå passasjersetet er uroleg. Filmen viser likevel klart speedometeret som viser 140 kilometer i timen.

Dette er filma klokka 0159 på E6 mellom Lundamo og Ler der fartsgrensa var 70.

Ti minutt etter kom telefonen til AMK-sentralen om at det hadde skjedd ei alvorleg ulukke. Det var sjåføren som ringde.

Les også En 16 år gammel ungdom er omkommet i trafikkulykke i Melhus

Dødsulykke i Melhus

Undersøkingar på ulukkesstaden same natta viste fire skrensespor i løpet av 190 meter før staden der bilen køyrde av vegen.

Inspektør Harald Ekremsæter i Statens vegvesen sa i retten tysdag at skrensespora kunne vere resultat av sikksakk-køyring på vegen.

Til slutt har rotasjonen vorten for stor, slik at bilen for sidelengs ut av vegen, gjekk rundt minst ein gong i lufta før den landa på åkeren på hjula igjen.

Iver Gylland døydde på sjukehuset av hovudskader kort tid etter.

På mobiltelefonen til den tiltalte sjåføren vart det ikkje funne nokon video som hadde relevans for ulukka, opplyste aktor i retten.

Pressa har spurt aktor om å få publisere bilete frå Snapchat-videoane som vart viste i retten. Aktor ønskjer ikkje å gi dette ut av omsyn til dei tiltalte sin unge alder.

Oppdatert 17.mars kl. 1309: Naudsamtalen kom til AMK ti minutt etter filminga, ikkje to minutt, som det ved ein trykkfeil stod i ein tidlegare versjon av saka.