Hopp til innhold

17-åring om dødsulukka: Alkohol. Fart. Tullkøyring. Idioti

Ein 17 år gamal gut erkjende seg skuldig i aktlaust bildrap, promillekøyring og for høg fart, då kameraten hans omkom i fjor vår. Den andre passasjeren nektar straffskuld for å ha medverka til dødsulukka i Trøndelag.

Utforkjøring Kvål

DØDSULUKKE: Ein 16-åring mista livet då bilen han sat i køyrde av vegen i Melhus i fjor vår.

Foto: Morten Karlsen / nrk

Det var 16 år gamle Iver Gylland som omkom då bilen han sat i køyrde av vegen. Den rulla rundt minst ein gong før den hamna på åkeren.

Les også Filma med mobilen før dødsulukka skjedde

Dødsulykke i Melhus

Den 17 år gamle guten sjåføren sa i retten tysdag at han følte han hadde kontroll på køyringa den aktuelle kvelden sjølv om han hadde drukke alkohol.

Alle tre hadde setebeltet på. Kameraten som omkom sat i baksetet.

– Alkohol. Fart. Tullkøyring. Idioti

Sjåføren sa at han ikkje kan hugse om det var noko tema blant kameratane om at han ikkje hadde førarkort og ikkje var edru.

– Kva tenkjer du sjølv om årsaka til at bilen for av vegen? spurte aktor.

– Alt. Alkohol, høg fart, tullkøyring og idioti, svarte tiltalte.

Han trudde farten var 70–80 km, men vedgår at han køyrde sikksakk like før ulukka og brukte begge køyrefelta på E6.

Blodprøve tatt av sjåføren knappe to timar etter ulukka viste 1,35 i promille.

Dei tre barndomskameratane var tidlegare på laurdagskvelden på fest i ein gapahuk i Melhus.

Ved midnatt drog tiltalte heim og henta bilen som var registrert på far hans.

Tiltalte meiner han kjende bilen godt etter å ha køyrt 30–40 mil med den under øvingskøyringar.

Etter ein tur for å hente dei to andre, køyrde dei etter kvart mot Kvål igjen, der ulukka skjedde.

Maren Rønning og Emilie Kvernemo

TOMROM: -Det blir eit tomrom etter Iver. Han var ein veldig hyggeleg og positiv person. Det sa Maren Rønning (til venstre) og Emilie Kvernemo til NRK dagen etter ulukka.

Foto: Morten Karlsen / nrk

Snap viste 140 km i timen

Den medtiltalte passasjeren forklarte seg i retten tysdag ettermiddag. Han sa han visste at kameraten hadde drukke alkohol tidlegare på kvelden. Men han tenkte ikkje meir over det før like før ulukka.

Påtalemakta meiner også framferda til passasjeren medverka til ulukka:

«Han filmet deler av bilens kupé og speedometer ved bruk av sin mobiltelefon og/eller oppfordret på annet vis (sjåføren) til å kjøre med høy hastighet
og i sikksakk på vegbanen slik at han mistet kontroll over bilen og kjørte av vegbanens venstre side og ned på et jorde før bilen roterte rundt en eller flere ganger.»

tiltale

Aktor viste skjermbilete frå ein «snap» som passasjeren sende under bilturen. Her står nåla på fartsmålaren på 140.

Tiltalte kan ikkje hugse verken at han filma eller sende denne. Han fortalde at dei tre høyrde på musikk og at han ikkje såg på fartsmålaren.

Han kan heller ikkje hugse om dei køyrde i sikksak før ulukka.

Knappe tre månader etter dødsulukka køyrde han 80 kilometer i timen i 50- sona i Melhus på ein lett motorsykkel. Dette var det einaste tiltalepunktet han erklærte seg skuldig i.

Det var den tiltalte sjåføren som ringde nødnummeret då Gylland ikkje pusta. Fire minutt etter, klokka 0214, var første ambulanse på staden.

Les også En 16 år gammel ungdom er omkommet i trafikkulykke i Melhus

Dødsulykke i Melhus

Politiadvokat Åsta Elise Pedersen Elden

AKTOR: Politiadvokat Åsta Elise Pedersen Elden.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Barn på tiltalebenken

Dei to tiltalte går på skule. Dei sa det har vore tungt i tida etter ulukka, men at dei har vener og greier seg bra.

– Det er barn på tiltalebenken og det er sjeldan barn blir dømde til fengselsstraff, sa aktor i innleiinga si.

Truleg vil aktor i staden påstå ungdomsstraff eller samfunnsstraff.

Rettssaka går også for lukka dører, utan publikum, av omsyn til alderen på dei tiltalte. Foreldra til avdøde er ikkje til stades i retten.

Bistandsadvokat Sigrun Dybvad seier til NRK at foreldra har det tungt og framleis er i sjokk etter det som skjedde i mai i fjor.

Advokat Sigrun Dybvad

FRAMLEIS I SJOKK: Dei etterlatne tek tapet av sonen hardt, seier bistandsadvokat Sigrun Dybvad.

Foto: Kari Sørbø / NRK