– Dei må berre drive på med dei perverse handlingane sine, men kvifor skal dei tvinge seg inn i vår kyrkjelyd?
Orda kjem ikkje frå eit vondt menneske.
Dei kjem frå ein venn av Tor Håkon Eiken.
Året er 2012 og Tor Håkon som tidlegare har vore ungdomspastor, er på ein kristen sommarleir i lag med kone og tre ungar. Det er ikkje første gongen han høyrer slike ytringar.
Vennen held fram, no med litt høgare røyst.
– Kva blir det neste? Å anerkjenne pedofili?
Den eine dottera til Tor Håkon, Emilie, har nettopp fylt 14. Ho sit rett i nærleiken og høyrer alt, men det tenkjer ikkje faren på no.
På dette tidspunktet veit han ikkje heilt kva han sjølv meiner, og han vel å ikkje seie noko. Ikkje denne gongen heller.
Det skal han angre på seinare.
Ei tung bør
Tida går og med den blir Tor Håkon og kona Beate stadig meir bekymra for dottera Emilie. Ho har blitt 17 år gammal og er tydeleg prega av å ikkje ha det godt.
Ho vil mest ikkje prate med dei og oppheld seg helst berre inne på sitt eige rom. Omsider får foreldra ho til å seie kva som tyngar. Dei stålset seg.
Men når Emilie endeleg seier kva det er, brest det for far Tor Håkon. Ho er skeiv.
Han grin og grin. Ikkje av sorg, men fordi han er letta. Letta fordi det ikkje er noko verre.
– Vi elskar deg uansett, er alt han greier å seie.
No får dei kjenne på glede – både Emilie og foreldra.
Men saman med gleda, oppstår det ei sorg i Tor Håkon. Sorg over alle dei gongene han ikkje har sagt noko, når folk rundt han har snakka nedsettande om skeive.
Emilie og foreldra fekk eit sterkare band etter at ho opna opp om legninga si. Her er pappa Tor Håkon og dottera Emilie på telttur.
Eit skeivt liv
Tor Håkon begynner å tenke tilbake på ei hending tidleg på 2000-talet, på ein ungdom i det pinse-karismatiske samfunnet han ein gong var ein del av.
Samtalen han hadde med ein ung gut på 18.
Guten har vore på leir i USA for «å bli heil» att. Han har fasta og bedt bøner for å bli fri frå dei skeive kjenslene sine. No har han vorte sjukeleg tynn.
– Eg vil gi alt for Jesus, seier han, med eit totalt fråvær av glede.
Tor Håkon tenker at dette umogleg kan vere rett.
– Kan hende du bør halde opp med å kjempe i mot deg sjølv, høyrer han seg sjølv seie.
Møtet gjer eit sterkt inntrykk på Tor Håkon. Han sluttar å vere pastor.
Den tidlegare pastoren hugsar korleis ungdommar sin psyke vart øydelagt i eit forsøk på å vere noko anna enn den dei er. I dag jobbar Tor Håkon som prest i Den norske kyrkja.
Foto: Tore Zakariassen / NRKSkamfulle kjensler
Sjølv om Tor Håkon ikkje lenger jobbar som pastor, sit haldningane frå ei konservativ tru att i han. Trua på at spesielle hendingar i oppveksten kan gjere folk skeive, vil ikkje sleppe taket.
Tor Håkon skifter beite og blir leiar for ein interiørbutikk. Ein dag i 2013 sit han i lag med ein kollega i lunsjen. Det går opp for han at mennesket som sit framfor han er skeiv.
– Det er på grunn av slike som deg at livet er så vanskeleg for slike som meg, seier kollegaen.
Så kjem ei forteljing om skam og sjølvforakt. Då skjer det noko i Tor Håkon. At nokon skal forakte seg sjølv for å vere noko anna enn det dei faktisk er, kjennest brått veldig trist.
Tor Håkon bruker ofte klede og sko med regnbogesymbol. Han ønsker å vere ei synleg støtte for skeive ungdommar.
Foto: Tore Zakariassen / NRKSkeiv tru
Når dottera fortel om legninga si i 2015, erkjenner Tor Håkon at det å vere skeiv er like rett som å vere streit.
Skuldkjensla er stor for alle gongene han har forhalde seg taus til negative kommentarar om skeive.
– Eg er så ufatteleg flau for at eg ikkje sa imot, fortel Tor Håkon
Frå då av engasjerer han seg.
I samtalar med unge som er kristne og skeive forstår Tor Håkon at det ikkje er lett å vere skeiv i dei kristne miljøa, og at det er vanskeleg å vere kristen i dei skeive kretsane.
I 2019 tar han kontakt med organisasjonen FRI og får hjelp til å starte
Tor Håkon møter framleis unge menneske som strevar med eiga legning. Sist han sat i ei slik samtale gjekk det opp for han at ungdommen trudde at Tor Håkon òg var skeiv.
– Då kjende eg at eg ikkje trong å seie at eg er heterofil, fortel den tidlegare ungdomspastoren.
Han vil at folk skal få tru kva dei vil.
I Kompass kan du høyre Emilie og faren Tor Håkon fortelje om korleis dei opplevde det då Emilie fortalde foreldra om at ho var lesbisk.