Professor dr.juris Eivind Smith har gitt ei skrifteleg vurdering til gjeldsnemda i Fosen Mekaniske Verksteder om tolkinga av reglane om verftsstøtte. Han uttalar seg også om vedtaket som seier at tvil om forståing av regelverket skal bli tatt opp med departementet. Verftet i Rissa er meldt for å ha svindla til seg 70 millioner kroner i verftsstøtte.
Smith sine konklusjonar
Spørsmålet om Fosen Mekaniske Verksteder har krevd for mykje verftsstøtte blir avgjort etter ei tolking av regelverket som lyder:
"Dersom delar av byggjeoppdraget vert utførte av utanlandske verft. (t.d. skrog/skrogkomponentar), skal kontraktverdien av dette arbeidet og utstyr levert i samband med denne delen av byggjearbeidet, ikkje reknast med i nettobyggjesummen."
Smith tolkar det springande punktet i reglane på same måte som FMV og gjeldsnemda. Verdien av materiale og utstyr som er levert ved det utanlandske verftet, utan at det utanlandske verftet føretek endeleg montering, skal gå inn i utrekningsgrunnlaget.
Når det konkret gjeld innsetjing av hovudmotorar og sjøsikring av desse før transport vidare til Fosen skaper dette ikkje noko problem etter Smith si vurdering. Dette gjeld sjølv om motorane av praktiske grunnar blir sett direkte inn i maskinrommet. Verdien av hovudmotorane skal gå inn i utrekningsgrunnlaget så lenge endeleg montering skjer i Noreg.
Skipet The World
Smith støttar dermed den argumentasjon som FMV og gjeldsnemda har helde fast ved.
Tvil skal bli tatt opp med departementet
Smith påpeikar i si utgreiing at Næringsdepartementet ikkje er den instansen som avgjer kva regelverket går ut på. Dersom det oppstår ei tvist om tolkinga må dette løysast av domstolane. Smith konkluderar også med at han ikkje på noko måte kan sjå at FMV har opptredd uforsvarleg ved å ikkje ta opp tvilsspørsmål med departementet.