Søker etter truleg omkomen person

Om lag 20 personar søker i dag etter ei kvinne i 60-åra som er sakna i Ørland. Ho har vore sakna sidan tysdag føremiddag. No har søket endra status. Politiet søker no etter ein truleg omkomen person.

– Det blir gjennomført strandsøk ved Brekstad hamn. I tillegg er det teke i bruk undervassdroner, opplyser Hallgeir Stjern, seksjonsleiar ved Fosen politistasjonsdistrikt til NRK.