Hopp til innhold

Hareide om handskontrovers: – Ein skandale

Rosenborgtrenar Åge Hareide meiner dei vart snytt for straffe i 0–0 kampen mot Bodø/Glimt.

Rosenborgs trener Åge Hareide etter eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Bodø/Glimt på Lerkendal Stadion.

Rosenborg sin trenar Åge Hareide etter eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Bodø/Glimt på Lerkendal stadion.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Rosenborg hadde sårt trengt ein seier i kveld for å halde liv i håpet om medalje og det å delta i kontinentale cupar neste sesong.

Slik gjekk det ikkje. Kampen enda 0–0.

Det store spørsmålet etter kampen er om Hareides menn vart snytt for eit straffespark då dommar Rohit Saggi lét fløyta ligge etter at Islamovic heada i armen på ein Glimt-spelar.

– Skandale

– Det er ein skandale at dommaren ikkje dømte straffe. Glimt-spelaren stoppa ballen med handa, seier Åge Hareide.

Dommar Rohit Saggi innrømmer at det er ein situasjon som var tøff å vurdere i spel, men etter å ha sett video av hendinga meiner han at han gjorde riktig ved å ikkje dømme straffe.

Dommarteamet meiner hendinga ikkje oppfyller kriteria for å bli rekna som ein straffbar hands.

– Avstanden er svært liten og ballen vert heada ned i ei hand som er i ein naturleg posisjon med tanke på spelaren si rørsle, forklarar Saggi.

– Det kan godt hende at dei vart snytt for straffe. Eg har ikkje sett han. Det er veldig overraskande at dei viser reprise av hendinga på skjermen og at det då blir hogging frå dei på fjerdedommar. Slik skal det ikkje vere, seier Kjetil Knutsen om situasjonen.

Bodø/Glimts trener Kjetil Knutsen sammen med Patrick Berg

Bodø/Glimt sin trenar Kjetil Knutsen saman med Patrick Berg etter eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Bodø/Glimt på Lerkendal stadion. (0–0)

Foto: Ole Martin Wold

Kunne ha vunne serien i kveld

Dersom Glimt hadde slått Rosenborg og Brann hadde slått Molde i kveld kunne Nordlendingane ha sikra seriegullet.

– Vi burde kanskje ha leda til pause. I andre omgang føler eg at vi ikkje finn rytmen med ballen. Noko av det har med underlaget å gjere, seier Bodø/Glimt-trenar Kjetil Knutsen til NRK etter kampen.

I første omgang låg trønderane svært lågt mot Bodø/Glimt. I andre omgang kom dei seg lengre opp i bana.

– Andreomgangen er godt gjennomført. Det er vi som hadde moglegheitene og vi skulle hatt ei straffe, seier Hareide.

Bodø/Glimts Patrick Berg og Rosenborgs Edvard Tagseth under eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Bodø/Glimt på Lerkendal Stadion.

Bodø/Glimt sin Patrick Berg og Rosenborgs Edvard Tagseth under eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Bodø/Glimt på Lerkendal stadion.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

23 kampar utan tap for Glimt

Etter kampen mot Rosenborg har Glimt spelt heile 23 kampar på rad utan å tape, det gjeld både Eliteserien, cupen og ute i Europa, ifølge Glimt.no.

Til samanlikning hadde RBK berre vunne tre av sine siste ti kampar før kveldens oppgjer.

Vil ikkje svare på jobbspekulasjonar

Bodø/Glimt-trenar Knutsen ønska heller ikkje i kveld å kommentere om han er nærmare ein overgang til storebror i sør.

– Det føler eg at eg har formidla tydeleg. Eg kjem til å melde det når eg har noko å melde. De kan stille eitt eller hundre spørsmål, svaret blir det same, svarar han.

Glimt fans under eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Bodø/Glimt på Lerkendal Stadion.

Glimt fans på plass på Lerkendal stadion. Det er selt over 900 billettar til bortefansen i kveld.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

NRK følgde kampen.

  • Trykk på «Vis referat» i boksen under for sjå kva som skjedde!