Hopp til innhold

Treng du ein pause? Her er sju lyspunkt frå februar

Nokon gonger kan det verka som at verda er skikkeleg drit. Derfor har vi samla samen nokre positive ting som har skjedd den siste tida.

Ape som smiler

GLAD: Kanskje du blir like glad som denne apa etter å ha lest artikkelen?

Foto: Ariel Schalit / Ap

Blant anna viser forsking at apar liker å tøyse og tulle like mykje som oss, og EU vil hjelpa kvinner og klimaet.

Hopp rett til sakene her:

  1. EU-reglar skal beskytte kvinner
  2. Verdsrekord i donorhjarte
  3. Folk likar deg betre enn du trur
  4. Kutt i klimagassutslepp
  5. Apar er tøysekoppar
  6. Likekjønna kan gifte seg i Hellas
  7. Retten til å logge av etter jobb

EU-reglar skal beskytte kvinner

No skal det bli forhandla om reglar som skal beskytte kvinner mot vald, seksuell trakassering og valdtekt.

EU skal forhandla og laga reglar som skal hjelpa med å beskytte kvinner betre i verda. Det inkluderer blant anna ei lengre liste for lovbrot. Desse skal også gjelde for offentlege personar, journalistar og menneskerettsforkjemparar.

Folk som holder hender.

Det skal kome eit regelverk som passar betre på kvinner.

Foto: Adobe Stock

Reglane skal gjere det tydlegare at det ikkje er greitt å diskriminere folk for seksuell legning, kjønn, hudfarge eller politiske meiningar. Det vil også komme eigne reglar mot kjønnslemlesting mot kvinner og tvunge ekteskap. Det gjeld også for nettkriminalitet, som no vil inkludere deling av intimt materiale og nakenbilde.

I tillegg vil EU at det skal kome betre rutinar for sikkerheita og helsa til ofre. Styresmaktene skal også auke rapportering og innsamling av bevis.

EU-parlamentet og rådet må formelt godkjenna forslaget. Etter 20 dagar vil dei nye reglane gjelda, og så må medlemslanda innføra dei i løpet av ein periode på tre år.

Les også Sånn blir samfunnet påvirka av kvinnelige ledere

Kathrine Thorborg Johansen i rollen som Gro Harlem Brundtland i serien "Makta"

Verdsrekord i donorhjarte

Bert Janssen (57) frå Nederland har sett Guinness World Record i å leve lengst etter ein hjartetransplantasjon. Han har no levd nesten 40 år med donorhjartet han fekk på 80-talet.

Janssen fekk diagnosen kardiomyopati som 17-åring. Det er ein sjukdom i hjartemuskelen som kan påverka forma og funksjonen til hjartet. Etter operasjonen fekk han raskt tilbake livskvaliteten.

– Eg kunne ikkje sett føre meg å ha kome så langt, seier han til BBC.

Janssen fortel at det er ei ære å ha nådd rekorden, og han håper at dette visar folk at det er mogleg å kome så langt med eit donorhjarte.

Les også Ny forskning: Viagra kan gi mindre risiko for demens

Viagra

Folk likar deg betre enn du trur

Vi bekymrar oss for mykje om kva folk tenke om oss. Harvard Business Review har gjort ein studie der dei fekk folk frå Storbritannia og USA til å prata med framande, og så forklara korleis dei følte det gjekk. Dei aller fleste tenkte verre om seg sjølv enn det samtalepartnaren gjorde.

Bent Høie og Erna Solberg klemmer på en pressekonferanse om koronasituasjonen.

Du treng ikkje bekymre deg for mykje om kva andre tenker om deg. Her er eit hyggeleg bilde av Bent Høie og Erna Solberg som klemmer.

Foto: Ali Zare / NTB

Dei kallar dette for ein «like-avstand». Då trur ein at personen ein er saman med ikkje likar deg like mykje som du likar dei. Om denne avstanden var stor var folk mindre sannsynleg til å spørje kollegaen sin om hjelp. Dei torde heller ikkje å gi heilt sanne tilbakemeldingar og dei var mindre villig til å jobbe på prosjekt saman.

Men du treng altså ikkje bekymre deg for mykje om dette, for i studien fann dei ut at folk oftare tenkar dårlegare om seg sjølv enn det andre gjorde.

Les også Her er sju grunnar til at onani kan vere bra for deg

Illustrasjon av kvinne som får orgasme.

Kutt i klimagassutslepp

Innan 2040 skal EU ha kutta 90 prosent av klimagassutsleppa, samanlikna med nivåa frå 1990. Dette vil dei gjere for å nå målet om at medlemslanda skal bli klimanøytrale.

Dei siste åra har menneskeskapte klimakriser auka og blitt meir synlege. EU seier at dette forslaget vil hjelpe landa med å bli mindre avhengige av fossilt brennstoff, og med å stå sterkare i kriser.

Stadig flere investorer satser på grønn industri.

No satsar fleire land på fornybar energi. Svenskane gjorde det veldig bra, og 80 prosent av straumen dei brukte kom frå hydro og vind.

Foto: Øyvind Gravås / Equinor / NTB

Fleire land har auka bruk av fornybar energi. I 2022 kom 41 prosent av energibruken til medlemslanda frå fornybare kjelder. Det er Sverige som toppar lista etterfylgt av Danmark.

Apar er tøysekoppar

Store apar, som sjimpansar, likar å tulle, tøyse og erte like mykje som oss. Det har ein gruppe forskarar funne ut. Apar har altså humor, og dei likar å dra i håret til andre, dytte kvarandre og finne på tull.

Ertinga var som regel einsidig, og målet var å provosere fram ein respons eller å få merksemda til dei andre apane.

Ape som smiler

SMIL: Humor kan ha utvikla seg for mange millionar år sida. Apar er nemleg tøysekoppar som oss menneske.

Foto: David J. Phillip / Ap

Dei studerte ulike videoar av bavianar, orangutangar, sjimpansar og gorillaer. Dei såg at når apane tulla med kvarandre, gav dei seg ofte ikkje før dei hadde fått ein reaksjon. I tillegg til å dytte kvarandre og dra i hår, prøvde dei å få merksemda til andre ved å kile, stele og å vere nærgåande.

Likekjønna kan gifte seg i Hellas

Hellas har blitt det første kristen ortodokse landet som no gjer det lovleg for folk av same kjønn til å gifta seg. Lovendringa gjer det også lovleg for homofile og lesbiske å adoptera barn.

– Folk som har vore usynleg vil endeleg bli synlege rundt oss, og med dei vil mange born endeleg finne deira plass, sa statsminister Kyriakos Mitsotakis før vedtaket blei bestemt. Det skriv BBC.

Feiring i Athen

Ei kvinne feirar i den greske hovudstaden etter at lovendringa blei bestemt.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Reuters

Retten til å logge av etter jobb

I Australia har dei no foreslått å la arbeidarar få heilt fri etter jobb. Dersom dette blir ein del av lova kan arbeidsplassar få bøter om dei ber folk svara på jobb-ting etter arbeidstid. Det skriv The New York Times.

Ein slik lov blei også foreslått av Venstre i fjor. Dei vil gi folk i jobb retten til å logge av heilt av når ein ikkje er på jobb.

Fleire europeiske land har allereie innført dette. EU starta å diskutera eit lovforslag om dette i november, men det blei sett på pause.

Hei!

Vi har lyst til å fortsetta å skrive saker der vi også kan fokusera på det positive som skjer i verda. Om du har tips om saker som kan passa til det blir eg veldig glad om du tar kontakt!