Hopp til innhold

Gullfasanar dumpa på gjenbruksstasjon: – Vi forstår ikkje eit pip

Tysdag vart ein politipatrulje sendt på eit usedvanleg oppdrag på ein gjenbruksstasjon i Trøndelag.

Gullfasan på Oppdal

FANGA AV POLITIET: Dette er ein av tre gullfasanar som tysdag vart dumpa på ein gjenbruksstasjon på Oppdal.

Foto: Morgan Frelsøy/Opp

– Vi har sendt ein patrulje til Oppdal gjenbruksstasjon etter melding om at nokon har sett igjen eit bur med tre levande fuglar der.

Det skreiv politiet på Twitter tysdag føremiddag.

Vart fanga inn

Då patruljen kom fram, kunne dei stadfeste at det var snakk om tre «fasanliknande» fuglar som på ingen måte var i buret, men som gjekk laus ute.

– Uklart kva dette eigentleg dreier seg om. Vi forstår ikkje eit pip. Undersøkingar går føre seg, skreiv politiet vidare.

Snart konkluderte dei med at fuglane var av typen gullfasan.

Gullfasan Oppdal

Politiet skreiv på Twitter at dei ikkje forstod «eit pip» då tre gullfasanar dukka opp på ein gjenbruksstasjon på Oppdal. Snart starta arbeidet med å fange dei inn.

Foto: Morgan Frelsøy/Opp

Les også Her har «Bolla» sjekket inn på pinnsvinhotell

Pinnsvin sover i "pinnsvinhotellet" til Nils Henrik Rønning.

Ifølgje Store norske leksikon (SNL) er fuglearten i fasanfamilien ein asiatisk fugl som opphavleg berre fanst i fjellstrok i Kina.

– Den er sett ut fleire stader i Europa, og på Dei britiske øyane har han etablert seg i vill tilstand. Den er også sett ut fleire stader i Nord-Amerika og Sør-Amerika, skriv SNL.

Fuglane vart fanga inn av mellom anna politipatruljen. Sjå video her:

Her er patruljen i gang med å fange inn gullfasanene på Oppdal.

Sjå patruljen fange inn gullfasanane på Oppdal.

Video: MORGAN FRELSØY/OPP

– Trist

Mattilsynet har no teke hand om dei tre fuglane.

Til NRK skriv Ingeborg Stavne, avdelingssjef i Mattilsynet i Gauldal, at dei tysdag føremiddag vart kontakta av politiet om bistand.

Fasanane var rolege og det gjekk greitt å fange dei, skriv ho.

Gullfasan på Oppdal

Gullfasan er ein fugl som trivst best i fjellet – men då i fjella i Sentral-Kina.

Foto: Morgan Frelsøy/Opp

Vidare beskriv Stavne det som «trist og ikkje greitt» at nokon har sett igjen dyr på denne måten.

Kven som eig fuglane er uklart.

Vi er glad for at dyra vart oppdaga raskt og at vi fekk fanga dei inn. Dei blir passa på av oss, og vi vil vurdere helsestatusen deira før vi avgjer vidare oppfølging.

Les også Her har «Bolla» sjekket inn på pinnsvinhotell

Pinnsvin sover i "pinnsvinhotellet" til Nils Henrik Rønning.

Høyrer ikkje heime her

Det er sikkert nokon som har hatt dei i oppdrett og blitt lei av dei.

Det seier Kjetil Solbakken, generalsekretær i BirdLife Norge til NRK.

Vi høyrer frå tid til anna om at gullfasan er i naturen fordi dei stikk av frå private samlingar. Det er ein art som mange har, og som blir selt som prydfugl.

Kjetil Aadne Solbakken

Kjetil Aadne Solbakken i Bird life.

Foto: Norsk Ornitologisk Forening

Men at dei ikkje høyrer naturleg heime i dette klimaet, er ornitologen klokkeklar på.

– Dette er ein fugl som ikkje klarer ein vinter i Noreg. Og i alle fall ikkje på Oppdal, seier han.

Solbakken har ikkje høyrd at levande fuglar har blitt sett igjen på gjenvinningsanlegg tidlegare.

Det er dyreplageri å sette dei igjen slik som dette. Det er heilt klart ulovleg og må følgjast opp.

Det er trist, og vitnar om feil haldning, avsluttar han.

Gullfasan på Oppdal

Ein av dei tre gullfasanane som blei dumpa på Oppdal.

Foto: Morgan Frelsøy/Opp