Hopp til innhold

Politiet legg bort sak etter dødsfall ved sjukehus

Politiet har valt å leggja bort etterforskinga i ei sak der ei 38 år gammal kvinne døydde på Sjukehuset Levanger 28. januar.

Levanger sykehus
Foto: Tariq Alisubh / NRK

Helsetilsynet konkluderte 15. november med at kvinna fekk forsvarleg helsehjelp.

No har også politiet og statsadvokaten komme fram til konklusjonen sin, skriv Innherred.

Les også Gravid kvinne i 30-årene døde på sykehuset i Levanger

Levanger sykehus

Meiner helsehjelpa var forsvarleg

Politiadvokat Malin Borg i Trøndelag politidistrikt seier til avisa at politiet har lagt bort saka.

– Som betyr at me ikkje kan sjå at det er gjort noko straffbart under oppfølginga frå sjukehuset eller tilsette, seier ho.

I Helsetilsynets rapport konkluderte dei med at helsehjelpa var forsvarleg, og at livet ikkje stod til å redda.

Politiet vart ferdig med etterforskinga sin 26. september i år, etter fleire rundar med avhøyr av helsepersonalet som var involvert i hendinga

– Belastande sak

Fagsjef i Helse Nord Trøndelag, Hanne M. Frøyshov seier til Innherred at dei har hjelpte politiet og helsetilsynet i saka under undersøkingane deira.

– Men dette har sjølvsagt vore ei belastande sak, ikkje minst for dei pårørande. Vi har tenkt mykje på det, og derfor har vi vore opptatt av å ha tett dialog med den nærmaste pårørande, seier Frøyshov til Innherred.