Hopp til innhold

Er du smartare enn ein 15-åring?

Norske 15-åringar har aldri skåra dårlegare i matte. Men heilt seriøst: kor lett kan det vera?

Bilde fra et klasserom Vikåsen skole i Trondheim. Tomme grå stoler ved grå bord. På bordene ligger det bøker.

DÅRLEG SCORE: Aldri før har 15-åringar i Noreg scora dårlegare i matte.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Resultatet for Pisa-undersøkinga 2022 viser at norske 15-åringar har vorte dårlegare i matematikk.

Det har faktisk aldri vore så lågt heilt sidan første gong Noreg var med i undersøkinga i 2003.

– Dette er ei utvikling me må snu, sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NRK tidlegare.

Les også Internasjonal undersøking: Norske 15-åringar har aldri scora dårlegare i matte

Koronavirus i Norge

Men kor vanskeleg er det eigentleg? Me har valt ut eit par av kategoriane som 15-åringane har vorte spurt ut om.

Programleiar på NRK P1 og gameshowvert Odd Rune Wolden lósar deg gjennom quizen. Kor mange rette får du?

DVD-sal

Figuren nedanfor viser den totale mengda av DVD-ar som blei selde i Storbritannia kvart år frå 2008 til 2014.

Verdiane langs den horisontale aksen representerer talet på år etter 2008. Tala langs den horisontale aksen 0 – 7 viser til år etter 2008 der 0 viser til år 2008. Langs den vertikale aksen viser talet på selde DVD-ar i millionar.

Ei linje er lagd til i figuren for å lage ein modell basert på desse punkta.

På bildet ser du en graf - første punkt er (0, 252,9) - punkt to (1, 236,6) - punkt tre (2, 210,1) - punkt fire (3, 191,8) - punkt fem (4, 162) - punkt seks (5, 143,4) - punkt sju (6, 124,9). Y-aksen viser tallet på solgte DVD-er (i millioner), mens x-aksen viser tallet på år etter 2008.
Illustrasjon: PISA

1/3 Stemmer påstanden? Ja eller nei?

Talet på selde DVD-ar gjekk ned med om lag 50 % frå 2008 til 2014.

2/3 Stemmer påstanden? Ja eller nei?

Talet på selde DVD-ar gjekk ned like mykje (i absolutte tal) kvart år frå 2008 til 2014.

3/3 Stemmer påstanden? Ja eller nei?

Stigningstalet til linja er den gjennomsnittlege årlege nedgangen i selde DVD-ar i perioden frå 2008 til 2014.

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Trekanta mønster

Adil teikna dette mønsteret med raude og blå trekantar.

Dei første fire radene i mønsteret er viste nedanfor.

På bildet ser du 16 trekanter utgjøre en stor trekant. 6 trekanter er blå, mens resten er røde.
Illustrasjon: PISA

1/3 Kor mange prosent er blå?

Kor mange prosent av trekantane i dei første fire radene i mønsteret til Adil er blå?

2/3 Utvide trekanten

Dersom Adil utvidar mønsteret med ei femte rad, kor mange prosent av trekantane i alle dei fem radene vil vere blå?

3/3 Leggje til fleire rader

Adil skal leggje til fleire rader i mønsteret. Han påstår at prosentdelen av blå trekantar i mønsteret alltid vil vere mindre enn 50 %.

Har Adil rett?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Flyttebil

Familien til Maria skal flytta.

Dei kan velje mellom to ulike storleikar på flyttebilen dei skal leige. Dei innvendige måla på lasterommet i flyttebilane er viste i tabellen nedanfor. Alle veggene og golvet i lasterommet på flyttebilane er forma som rektangel.

Storleik på flyttebil

Storleik på flyttebil

Lengd på golvet

Breidd på golvet

Høgd

A

4 meter

2 meter

2 meter

B

6,6 meter

2,3 meter

2,3 meter

Det finst esker i tre ulike storleikar. Måla på desse eskene er viste i tabellen nedanfor.

Storleik på eske

Storleik på eske

Lengd

Breidd

Høgd

Liten

0,4 meter

0,3 meter

0,3 meter

Medium

0,5 meter

0,5 meter

0,5 meter

Stor

0,5 meter

0,5 meter

0,75 meter

1/2 Kor mange medium-esker i flyttebil A?

Familien til Maria bestemmer seg for å leige flyttebil A.

Kva er det største talet på esker i medium storleik som kan få plass i flyttebil A?

2/2 Har Maria rett?

Firmaet som leiger ut flyttebilane, har sagt frå om at flyttebil A kan fyllast opp ved å bruke berre esker i medium storleik, og at all lagringsplassen i lasterommet då blir utnytta.

Maria hevdar at ei eske i medium storleik tek opp 2/3 av plassen til ei stor eske, så ho konkluderer med at talet på store esker som får plass i flyttebil A, er 2/3 av talet på esker i medium storleik.

Kva for ein av påstandane nedanfor om konklusjonen til Maria er korrekt?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Musikk: Upright Music