Hopp til innhold

På jobb med shorts i sprengkulda

Pressefotograf Ned Alley går i shorts året rundt og bryr seg lite om sprengkulda.

Ned Alley
Foto: Erik Johansen / Scanpix

Ned Alley

Ned Alley under ein fotojobb på Lerkendal.

Foto: Erik Johansen / Scanpix

– Kroppstemperaturen min er litt over det som er rekna som normalt, så eg frys ikkje sånn sett, men eg må passe på fingrane litt når eg held i fotoutstyret for metallet i det sug ut varmen, seier Ned Alley til NRK.

Knips i veg

Det blir ofte fokusert på alle problema som dukkar opp når det blir skikkeleg kaldt, men Ned Alley ber heller folk glede seg over alt det vakre som også følgjer med når det blir kaldt.

Med kuldegradar, krittkvit snø, blå himmel og fantastisk lys, viser naturen seg frå sitt vakraste meiner pressefotografen.

– Gå ut og ta bilder og bruk det utstyret du har. I dag er det ingen kostnad med å ta bilder, så om du knipser tjue eller 400 koster det det samme, seier Alley.

(Artikkelen held fram under bildet)

Munkholmen, Trondheim

Dette bildet av Munkholmen har Ned tatt med eit lite kompaktkamera.

Foto: Ned Alley

Alle kan få blinkskot

Sjølv har Ned Alley tatt fleire blinkskot med enkle kompaktkamera, så du treng ikkje ha dyrt utstyr for å få dei beste bildene.

– Eg har gått fram rundt med eit billig og gamalt kamera i lomma, heilt fram til i år, seier Alley.

Han legg til at bildene han har tatt med eit lite kamera har vore på trykk både i norske og utanlandske aviser.

Natur

Også dette bildet er tatt med eit lite kamera, så det er håp for ivrige hobbyfotografar med billig utstyr.

Foto: Ned Alley