Sju grunnskular i Trondheim og fem vidaregåande skular i Sør-Trøndelag var med i lærarstreiken torsdag. I Nord-Trøndelag var det ingen lærarar som streike.
Leiar for Utdanningsforbundet i Sør-Trøndelag, Jarle Landro, ser ikkje bort frå at streiken kan spreie seg.
- Det kan eg ikkje seie sikkert, men eg veit at det er svært sterke reaksjonar rundt om på skulane.
Jarle Landro i utdanningsforbundet.
Fleire tusen ramma
Lærarane i ved ei rekkje skular i Sør-Trøndelag er sinte, seier Landro.
- Kommunenes Sentralforbund køyrer eit bevisst løp der dei prøver å rasere opparbeidde rettar lærarane har. I tillegg vil dei presse på oss ein arbeidstidsavtale der lærarane ikkje er garantert nok tid til føre- og etterarbeid. Dette er svært alvorleg.
Rundt 2 000 elevar på barne- og ungdomstrinnet er ramma av streiken. Elevane går på Blussuvoll, Dalgård, Flatåsen, Rosenborg, Singsaker, Vikåsen og Åsvang skole.
Oppfordrar til jobb
Læraropprøret starta i Møre og Romsdal tirsdag. Utdanningsforbundet hevdar at dei ikkje støttar nokon av aksjonane, som er stempla som ulovlege av departementet.
Jarle Landro ber lærarane gå tilbake på jobb, men trur ikkje dei vil følgje oppfordringa.
- Vi skal gjere vårt, men eg kan ikkje garantere at det blir fulgt opp av alle slik stemninga er no.
Overreagerer
Kommunenes Sentralforbund i Sør-Trøndelag meiner lærarane overreagerer og stiller skular, elevar og lærarar i ein vanskeleg situasjon.
- Streiken er ikkje bra for klimaet mellom partane no før KS skal ta over drøftingsansvaret frå staten i mai, seier leiar for KS i Sør-Trøndelag Ole Gunnar Kjøsnes.
I følgje Kjøsnes ønskjer KS at lærarane skal tilbringe ein større del av dagen på skulen for å vere tilgjengeleg for elevane og andre lærarar.
- Dei ønskjer også eit nytt avtaleverk slik at leiinga ved skulane og fagforeningar kan organisere skuledagane og arbeidstida for lærarane ulikt ut frå lokale forhold, seier Kjøsnes.