Hopp til innhold

Måla hakekors på bergveggen like ved tysk familie si rorbu: – Dette er hets

Familien Menz meiner tagginga like ved rorbua deira er laga av nokon som prøver å stemple dei som nazistar.

Tagginga.

HAKEKORS: Dette hakekorset med eit raudt kryss over vart måla på berget like ved tyske Gert Menz si rorbu.

Foto: Privat

– Vi vart veldig lei oss, seier Gert Menz.

Fredag oppdaga han at nokon hadde måla eit hakekors med eit kryss over på ein bergvegg like ved rorbuene som han leiger ut i heimkommunen sin Åfjord i Trøndelag.

Familien har drive med utleige av rorbuer der sidan 2011.

Menz tolkar tagginga som eit stikk mot familien hans og dei mange tyske fisketuristane som overnattar hos dei.

– Vi har også gjestar frå land som Tsjekkia og Polen som kan bli såra av dette, seier Gert Menz.

– Dette er hets

Då familien stod fram i lokalavisa Fosna-Folket fekk dei mykje støtte frå lokalsamfunnet, fortel Menz. Ordføraren i kommunen meldte saka til politiet.

Både Gert, kona hans Katrin og sonen deira Max Menz, tolkar tagginga som hets og eit forsøk på å framstille dei og tyske fisketuristar som overnattar i rorbuene som nazistar.

– Dette er hets. Vi oppfattar det slik, både vi og dei tyske gjestane våre, seier Max Menz

I vår skal ein mann ha stilt seg opp framfor overvakingskameraet ved brygga deira og gjort ei Hitler-helsing medan han såg i kameraet, fortel Gert Menz.

Då tok ikkje Menz det seriøst, men det gjer han no.

– Vi er bekymra for kva som kan skje neste gong.

Gert Menz.

BEKYMRA: Gert Menz fryktar fleire provokasjonar i framtida.

Foto: Privat

Hakekors-tagginga kan vere straffbar

Politiet har oppretta ei sak på forholdet, opplyser lensmann på Fosen, Per Ivar Olsen.

– Vi hentar no inn opplysningar som kan vere med å belyse forholdet, seier han.

Ein politipatrulje var torsdag ved rorbua til familien Metz for å prate med dei, og for sjå om det var nokon spor å sikre der, opplyser lensmannen.

– Er det kriminelt å tagge eit hakekors i denne samanhengen?

– Med dei opplysningane vi har fram til no kan det vere snakk om ei hatefull ytring. I så fall er det straffbart, seier Olsen.

Men sidan politiet enno ikkje veit kva som er grunnlaget for handlinga, er det vanskeleg å konkludere med tanke på eventuell straff, fortel han.

Olsen har forståing for at dette er ei belastning for dei som er råka.

– For deira del er dette svært, svært ubehageleg.

Hakekors-tagging.

OPPDAGA AV TURISTAR: Det var fisketuristar som overnatta i ei av Menzfamilien sine rorbuer som oppdaga hakekorstagginga til venstre i bildet.

Foto: Privat

Tysk ambassade meiner det er «frykteleg trist»

Den tyske ambassaden seier det er «frykteleg trist at den tyske familien og deira gjester har blitt utsett for slike opplevingar», skriv Fosna-Folket.

– Heldigvis er det svært sjeldan vi blir kontakta om liknande hendingar, seier Anne Prix i presseavdelinga til ambassaden til avisa.

Politiet er interesserte i opplysningar som kan forklare kvifor nokon teikna hakekorset på berget.

Dei oppfordrar eventuelle vitne og folk som har relevante opplysningar om å ta kontakt med politiet.

Hei!

Har du  tips om denne saka som du vil dele med NRK? Send meg gjerne ein e-post!