– Dette er ein historisk siger for alle som er glade i merkevarer, seier Elisabeth Aanstad Ekheim i Orkla.
Eit sentralt tema i retten har vore bruk av blåfargen «Pantone 2144 C».
– Me er utruleg glade for at retten er einig med oss i at Freia sin Boble ikkje kan vere Stratos-blå. Og for at Mondelez må endre design og finne sitt eige uttrykk, legg Aanstad Ekheim til.
Freia får forbod mot å marknadsføre og selje Boble-sjokoladen med dagens emballasje.
I tillegg må Boble-sjokoladen trekkast tilbake frå butikkane og Mondelez, som eig Freia, må betale 20 millionar kroner i vederlag til Orkla.
Men alt dette skjer først når dommen er rettskraftig – og Freia varslar at dei kjem til å anke dommen.
Sjokoladane møttest i retten fordi Orkla meiner at Boble etterliknar Stratos.
Foto: Emma Lorin Havend / NRKFreia ankar dommen
Mondelez har varsla at dei kjem til å anke dommen.
– Me meiner Mondelez har respektert Orkla sine rettar i denne saka og ligg klart innanfor variasjonsplikta.
Det seier advokat Lill Grimstad representerte Mondelez i retten.
Mondelez er ueinig i at dei etterliknar sjokoladen Stratos.
– Blått er ikkje monopolisert, heller ikkje luft og bobler.
Dei meiner at forbrukarane ikkje forvekslar Nidar sin Stratos og Freia sin boble.
– Tingretten har likevel kome fram til at i denne saka har Orkla fått eit monopol, ikkje berre på «Pantone 2144 C», men på alle nyansar av denne fargen. Det er oppsiktsvekkande og urovekkande for alle aktørar som bruker fargar i både emballasje og anna marknadsføring.
– Me meiner at Freia Boble melkesjokolade i all hovudsak er gul, som er Freia sin velkjende farge.
Kva synest du om sjokoladane? 🍫
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Avgjerande å beskytte merkevarene våre
– For oss er det heilt avgjerande å beskytte merkevarene våre mot det me oppfattar som forsøk på etterlikning, seier Aanstad Ekheim i Orkla.
Nidar gjekk til søksmål mot Mondelez som eig Freia fordi dei meiner sjokoladen Boble etterliknar sjokoladen Stratos.
– Stratos har vore aleine i den norske marknaden om å bruke den karakteristiske blåfargen for porøs sjokolade i snart 90 år.
Etter ein runde i Oslo tingrett er det klart at Nidar vann søksmålet mot Freia.
– Dette bidreg til å sette standarden for vern mot etterlikningar, legg Aanstad Ekheim til.
– 7 av 10 oppfattar blåfargen som eit varemerke
Orkla gjekk til søksmål mot Mondelez fordi dei meiner sjokoladen «Boble» er for lik folkefavoritten Stratos.
– Dei bruker akkurat den same blånyansen på emballasjen og speler på Stratos sitt velkjende slagord, «Bobler av glede».
Aandstad Ekheim i Orkla seier at selskapet meiner også folk koplar den spesifikke blåfargen til Stratos.
– Me har gjort undersøkingar som viser at meir enn 7 av 10 nordmenn oppfattar blåfargen som eit varemerke for Stratos, og det seier noko om kor unik blåfargen er for Stratos, legg Aanstad Ekheim til.
Fekk avslag på einerett på blåfargen
Patentstyret får om lag 17.000 varemerkesøknadar i året. Eit fåtal av desse er fargemerkesøknader der produsentar ønsker å ha einerett på ein farge.
Og Orkla søkte om å få einerett på blåfargen til sjokoladen Stratos. Men dei fekk avslag på søknaden både i patentstyret og i klagenemnda for industrielle rettar.
– Denne søknaden blei nekta av patentstyret og også av klageorganet over patentstyret, Klagenemnda for industrielle rettigheiter.
Det seier Magnus Haugo, juridisk rådgjevar i Design- og varemerkeavdelinga hos Patentstyret.
Difor har Orkla tatt saka til tingretten for å få einerett på blåfargen. Denne saka går parallelt i tingretten som søksmålet mot Freia.
– Dei meiner at dei skal kunne få den eineretten, forklarar Haugo.