60 på venteliste for isolasjonsrom i Trondheim: – Det kjennest veldig kjipt

Kapasiteten på isolasjonsrom i Trondheim er sprengt. Frida Selch Thuestad og fleire titals andre personar står no på venteliste – og dei blir stadig fleire.

Nidelva i Trondheim

DOBLA: I løpet av kvelden har køen av dei som ber om plass i isolasjonsrom blitt dobla.

Foto: Roger Myren / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

230 personar bur på isolasjonshotell eller isolasjonshyblar i Trondheim tysdag kveld.

– Kapasiteten på isolasjonsrom er sprengt, opplyser helse- og velferdsdirektør i Trondheim, Wenche Dehli.

I løpet av kvelden har køen av dei som ber om plass i isolasjonsrom blitt dobla. 60 personar står no på venteliste.

– Det kjennest veldig kjipt, seier student Frida Selch Thuestad (21).

Thuestad har isolert seg i kollektivet sitt, og stått i kø for isolasjonshotell sidan ho testa positivt måndag. Fleire smitta studentar i Trondheim må no gjere som ho, og dei vil truleg bli enda fleire i dagane framover.

Mange i kø for isolasjonshotell

Tysdag starta kommunen med massetesting av studentar i Trondheim. 35.000 studentar har fått beskjed om å teste seg.

Minst 250 studentar frå 56 studieretningar i Trondheim har koronaviruset no. NTNU er særleg hardt ramma.

– Vi håpar at det ikkje er ei valdsam smittespreiing. Men samtidig fryktar vi at det kan vere store tal, sa Morten Wolden, kommunedirektør i Trondheim til NRK tysdag.

Helse- og velferdsdirektøren er også spent på om presset på isolasjonshotella kan bli enda større som følgje av massetestinga.

– Vi er spente på om smittetalet vil halde fram å auke, seier ho.

Venta i fire dagar på isolasjonsrom

Tysdag slapp Malin Farbu Aune (24) ut av isolasjonshotell. Før ho fekk bu der, måtte ho også isolere seg i eigen heim.

Ho bur i ei leilegheit på rundt 70 kvadratmeter med to andre personar.

– Eg brukte munnbind og hanskar kvar gong eg gjekk ut frå rommet mitt, då eg til dømes skulle på badet, seier Aune.

Først på laurdag, fire dagar etter at ho hadde testa positivt på hurtigtest, og ein dag etter at ho testa positivt på ein PCR-test, fekk Aune ein eigna stad å isolere seg frå andre.

I førre veke måtte ein teste positivt på ein PCR-test før ein fekk isolasjonsrom. Kommunen har no endra reglane, slik at folk kan få rom på isolasjonshotell etter positiv hurtigtest.

Aune synest det var veldig stress å bu i kollektivet, og frykta å smitte dei ho bur med.

– Det var veldig risikabelt for dei eg bur med.

Heldigvis smitta ho dei ikkje.

Meiner kommunen burde vore betre førebudd

Som Thuestad og Aune, bur mange av dei smitta studentane i Trondheim i kollektiv.

– Alle i kollektivet mitt måtte sette livet sitt på pause då eg testa positivt, seier Thuestad.

Ho meiner kommunen generelt burde ha vore betre førebudd på smitteauken under fadderveka, og at dei derfor også burde ha auka kapasiteten på isolasjonshotella før studiestart.

– Eg er skuffa over kommunen si smittehandtering, seier ho.

– Kva omsyn tok du sjølv for å unngå å bli smitta under fadderveka?

– Eg følgde smittevernreglane. Vi var ikkje noko stor faddergruppe, og heldt oss for oss sjølve slik at vi raskt kunne gå i karantene dersom nokon av oss vart smitta, seier Thuestad.

Også Aune deltok på festar i fadderveka, men understrekar at dette var før dei høge smittetala blant studentane i Trondheim vart kjent.

– Vi var så mange som vi fekk lov å vere, altså 15 personar. Vi møtte ingen andre faddergrupper, og var heime hos ein som hadde ganske stor leilegheit, seier ho.

Malin Farbu Aune (24)

FRI IGJEN: Malin Farbu Aune slapp ut av isolasjon på tysdag.

Foto: Privat

Har femdobla talet på isolasjonsrom

– Vi forstår godt at studentar og andre blir frustrerte. Vi synest også det er ein fortvila situasjon, seier Dehli.

– Vart de overraska over det store behovet for isolasjonshotell som kom under fadderveka?

– Vi har hatt 50 isolasjonsrom under heile pandemien. Det har vore ganske høge smittetoppar før. Vi hadde ikkje venta dette, men skjønte raskt at vi måtte auke kapasiteten då smitten tok til å auke kraftig blant studentane.

Ho rosar hotella i byen for å ha stilt opp, koordinert tilbodet og frigjort rom samtidig som dei har mange ordinære hotellgjestar i byen.

Kommunen har no femdobla talet på isolasjonsrom. Det er framleis ikkje nok til å møte behovet, fortel Dehli.

– Vi undersøkjer alle moglegheiter for å auke kapasiteten ytterlegare, understrekar ho.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 22.10.2021
3 558
Smittede siste 7 dager
121
Innlagte
894
Døde
4 197 822
Vaksinerte