Hopp til innhold

Kronprinsparet på Huseby

Fredag føremiddag besøkte kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit Huseby skole i Trondheim. Paret fekk treffe fleire av elevane ved skulen.

Kronprinsparet på Huseby skole
Foto: Ellinor Hansen / NRK

Litt over klokka 10.00 fredag føremiddag kom kronprinsparet til Huseby skole. Besøket skal vare i om lag ein time. Dei kongelege blei tatt i mot av elevar med flagg og blomstrar.

I løpet av besøket fekk kronprinsparet møte elever som har gått ved skulen i fleire år og barn som er i gang med si første norskopplæring.

- Huseby skole er kjent for å drive mykje med kunst og ulike kunstutrykk. Det er noko vi har jobba med i fleire år, og eg trur det er noko av  bakgrunnen for at kronprinsparet har valt å besøke oss, seier rektor ved skulen, Gunveig Skjetlein, til NRK Trøndelag.

Skulle ønske velkommen

Kronprinsparet på Huseby skole
Foto: Ellinor Hansen / NRK

 

Elevrådsleiar Kim Rune Rognan fekk ei litt spesiell oppgåve på sin siste skuledag ved Huseby. Han skulle nemleg ta i mot dei kongelege.

- Eg får vel ta i mot dei på same måte som eg har tatt i mot mange andre gjestar her på skulen, men det blir jo litt spesielt sidan det er min siste dag, sa Rognan til NRK Trøndelag rett før kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit kom til skulen.  

Imponert over animasjonsfilm

Kronprinsparet besøker Huseby skole
Foto: Ellinor Hansen / NRK

 Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit fekk sjå ein musikkvideo som elevane hadde laga sjølv. Dei fekk også sjå ein animasjonsfilm som handla om rapping. Den gjorde tydleg inntrykk på kronprinsparet.

Besøket blei avslutta med ei revyframsyning som åttande klasse ved skulen framførte.

Etter vel ein time på Huseby skole reiste kronprinsparet med politieskorte.