Hopp til innhold

Giske vann kampen om stortingsplass: – No skal vi samle laget og vinne

Ni kandidatar trekte seg frå nominasjonslista idet Giske vann valet om førsteplassen. Støre ber vinnarane av førsteplassane om å ta ansvar for å samle laget.

Trond Giske vant kampen om 1. plassen på nominasjonslista til Arbeiderpartiet i Sør-Trøndelag

Giske vann med 76 stemmer mot 57 stemmer til Per Olav Skurdal Hopsø. Det var 133 som stemte ved valet mellom dei to.

AUF trekker umiddelbart kandidatane sine frå nominasjonslista. Fleire andre kandidatar trekte seg også.

– Det var et fleirtal og det var et mindretal. Den eine sida vann, og då trekte ein del frå den andre sida seg, seier Giske til oppmøtet presse.

– Nå skal vi samle laget og jobbe for å vinne over høgresida, seier han vidare.

  • Trøndelag Ap, Trond Giske og festen på Folkets Hus

    Giskes seier blir feira på Folkets Hus i Trondheim laurdag kveld.

  • Trøndelag Ap, Trond Giske og festen på Folkets Hus
  • Trøndelag Ap, Trond Giske og festen på Folkets Hus
  • Trøndelag Ap, Trond Giske og festen på Folkets Hus

Han gjentar fleire gonger at han er ferdig med nominasjonsstriden som har rast i Trøndelag.

– Vi går vidare og vinn val.

Motkandidat Hopsø seier han gjerne skulle toppa lista. Samstundes seier han at han er veldig motivert til å fortsette i politikken.

– Eg er jo ei elendig taper eigentleg. Berre spør sambuaren min.

– Eg skal bruke litt tid på å finne ut kva framtida bringar og korleis eg kan bidra, men enn så lenge skal eg gjere jobben som statssekretær, seier han til NRK.

Per Olav Skurdal Hopsø på nominasjonsmøtet til Arbeiderpartiet i Sør-Trøndelag.

Per Olav Skurdal Hopsø tapte kampen om førsteplassen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Støre: – Spesielt ansvar for å samle laget nå

– Eg vil takke og gratulere alle som er nominert på stortingsvallista til Arbeidarpartiet over hele landet, seier statsminister Jonas Gahr Støre i ein utsegn kort tid etter at nominasjonskampen i Trøndelag er over.

Han viser særleg til denne, men også til møtet i Vestland, i sin utsegn.

– Særleg prosessen i Trøndelag har fått mykje merksemd, og eg veit at mange har opplevd den som krevjande. Alle som har vunne nominasjonen gjennom votering mot ein annan, har et spesielt ansvar for å samle laget nå.

Støre seier særleg dei som har fått fyrsteplassen har dette ansvaret.

– Det ansvaret forventar eg at de tar, seier statsministeren.

Giske vant kampen om stortingsplass.

Giske vant kampen om stortingsplass.

Ni kandidatar trekker seg i protest

Like etter at nominasjonsmøtet sikra Giske sitt comeback til rikspolitikken gav totalt ni kandidatar frå fleirtalslista beskjed om at dei trekker sitt kandidatur.

Dette var mellom anna Sara Shafighi og Emil Raaen frå Trondheim, samt Emilie Græsli og Håkon Einarsve frå AUF.

I tillegg trekker Vibeke Stjern, Marit Bjerkås, Sandra Åberg Leko og Marit Liabø Sandvik seg.

Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag vil ha Trond Giske tilbake på Stortinget.

Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag vil ha Trond Giske tilbake på Stortinget.

Saman med Trond Giske blei mindretalslista frå nominasjonskomiteen vald inn.

– Tillit skal ein gjere seg fortent til. Ein skal ikkje tvinge den fram gjennom misbruk av makt, medlemsoverføringar og trugslar.

Det seier Kristine Holden når ho tar ordet på vegner av AUF.

Holden minner om då AUF-medlemmer varslar om seksuell trakassering frå Giske i 2020.

– For fire år sidan sto AUF på denne talarstolen og åtvara mot ukulturen som gjekk føre seg på bakrommet. No skjer den rett framfor auga på oss.

Kristine Holden (AUF) i salen på nominasjonsmøtet til Arbeiderpartiet i Sør-Trøndelag.

Kristine Holden frå AUF åtvara mot Giske på nominasjonsmøtet.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen/NRK

Arnstein Esphaug Moen frå Melhus fryktar at Arbeidarpartiet mister mykje engasjement i valkampen dersom Giske blir vald.

Ikkje berre blant AUF, men også andre kommuneparti rundt omkring i Trøndelag.

Les også Kjempar om stortingsplass: – Ingenting er avgjort før den siste stemma er tald

Til venstre er et bilde av at Per Olav Skurdal Hopsø går ned en trapp, til høyre er et bilde av at Trond Giske går opp en trapp.

– Alle kjenner Trond Giske

Fleire tar til orde for at Trond Giske må tilbake til Stortinget.

Trond Giske – alle kjenner han, faktisk i heile landet. Trond vinnar debattar, han utfordrar, justerer kursen, men ikkje minst aukar oppslutninga.

Det seier Svein Erling Smolan frå Trondheim Ap.

  • Trond Giske sitter med foldede hender og ser håpefullt opp mot scenen under nominasjonsmøtet i Arbeiderpartiet Sør-Trøndelag.

    Sekunda før det blei klart at Giske vant kampen om førsteplassen.

  • Trøndelag Ap, Per Olav Skurdal Hopsø i salen og hører på debatten.

    Per Olav Skurdal Hopsø høyrer på debatten før det blir avgjort kven som får førsteplassen på stortingslista.

Men ikkje berre gode ord å høyre om Giske frå talarstolen.

Også leiar i Skaun Ap, Lars Frengstad, kritiserer ukulturen som han har sett i nominasjonsprosessen.

– Det er heilt greitt å like Trond. Det er også heilt greitt å like Per Olav. Men ver så snill, ikkje lik denne kulturen og denne prosessen. Den einaste legitime kandidaten på førsteplass er Per Olav, seier Frengstad.

Vararepresentant på Stortinget, Marit Bjerkås frå Rennebu, varslar at ho trekker sitt kandidatur dersom mindretalslista blir vedtatt.

Fleire tar til ordet for at politikarane må snakke fint om kvarandre og ikkje rakke ned på andre.

Les også Ingvild Kjerkol vraka av Ap i Nord-Trøndelag

Ingvild Kjerkol møter pressen like etter at hun ble vraket av arbeiderpartiet i Nord-Trøndelag.

– Hopsø er samlande og godt likt

Då møtet starta presenterte leiar for nominasjonskomiteen for Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag, Roar Aas, deira innstilling.

Aas snakka varmt om motkandidaten til Trond Giske.

– Hopsø er samlande og godt likt. Han representerer noko nytt, all den tid Arbeidarpartiet skal fornye seg og forbetre seg.

Leiaren for nominasjonskomiteen trekk også fram dei andre kandidatane på fleirtalslista.

– Fornying, forynging, kompetanse og samarbeidsevne, seier Aas at kandidatane representerer.

Trøndelag Ap, Roar Aas leder nominasjonskomiteen sør

Leiar for nominasjonskomiteen, Roar Aas.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen/NRK

Dersom mindretalslista med Giske på topp blir vedtatt har Emil Raaen og Vibeke Stjern varsla at dei ikkje ønsker å stå på stortingslista. Dei har høvesvis fjerde- og sjetteplass på fleirtalslista.

– På vårt forslag står Trond Giske på førsteplass. Entusiasmen, aktiviteten og den politiske fornyinga han og Nidaros representerer, har skapt nytt håp blant veldig mange.

Det seier Pål Sture Nilsen som representerer mindretalet i nominasjonskomiteen.

I forkant av nominasjonsmøtet bad Klima- og miljøministeren Giske om nok ein gong å trå til side og stille til tredjeplassen.

– No har du sjansen, Trond. Til å vere både veldig snill og lagspelar. Slepp Per Olav Fram, ta heller tredjeplassen, skreiv Tore O. Sandvik på Facebook.

Les også Vil ha Trond Giske på stortingslista for å samle laget

Tore O. Sandvik fra Arbeiderpartiet, midlertidig klima- og miljøminister.

Giske kritisert for rå maktkamp

Heilt sidan han blei vald som nestleiar i Trondheim Ap i februar har Giske blitt kritisert for rå maktkamp og skittent spel.

Og etter at nominasjonsprosessen tok til i Trøndelag Ap har ikkje kritikken blitt mindre.

Etter kvart steg i nominasjonsprosessen har politikarar kritisert Giske støttespelarane hans for kupp, trugslar og utpressing.

Nominasjonsprosessen i Trøndelag Ap

Arbeidarpartiet i Trøndelag er i gang med å finne ut kven som skal representeret partiet frå Trøndelag etter stortingsvalet neste år. Partiet skal kome fram til ei liste over kandidatar for Nord-Trøndelag og ei liste for Sør-Trøndelag. For sjølv om Trøndelag blei eit samla fylke i 2018 er framleis Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag kvar sine valdistrikt.

Eit sentralt tema har vore at fleire medlem frå Giske sitt lokallag, Nidaros sosialdemokratisk forum, bytta til andre lokallag før viktige møter.

Fleire klager blei sendt inn og styret i Trøndelag Ap konkluderte med at dette er i strid med god organisatorisk praksis.

Også då Giske for halvanna veke sidan sikra seg kontroll over kven Trondheim Ap sender til nominasjonsmøtet blei han kritisert igjen for å vere udemokratisk.

Les også Skjebnedag for Giske. Og for resten av partiet

En smilende Trond Giske med to tomler i lufta etter å ha vunnet voteringen under representantskapsmøtet til trondheim Ap

Ikkje første forsøk på eit comeback

Det er ikkje første gong Trond Giske gjer seg ut på eit comeback i politikken.

Etter at han gjekk av som nestleiar i Arbeidarpartiet i 2018 i kjølvatnet av varslar om seksuell trakassering, har Giske forsøkt å gjere fleire comeback i politikken.

Då han forsøkte å bli vald inn som leiar i Trøndelag Ap i 2020 forlèt representantar frå AUF årsmøtet i protest då Giske skulle halde tale.

AUF sin delegasjon på Trøndelag Ap sitt fylkesårsmøte valgte å forlate salen da Trond Giske gikk på talerstolen.

AUF sin delegasjon på Trøndelag Ap sitt fylkesårsmøte valde å forlate salen då Trond Giske gjekk på talarstolen.

Fleire varslar om seksuell trakassering dukka opp frå Ap i Trøndelag og Giske trekte seg stortingskandidat.

Giske har heile tida nekta for å ha brote Ap sine retningslinjer om seksuell trakassering.

I 2021 blei Giske vald til leiar for Nidaros sosialdemokratisk forum, eit lokallag i Trondheim Arbeidarparti.

Giske sitt lokallag har vakse fort og er i dag det største lokallaget i Noreg med over 4400 medlemmar.

Les også Maktkampen i Trondheim Ap: – Jeg er drittlei

gaute-skjervø