Hopp til innhold

Kjempar om stortingsplass: – Ingenting er avgjort før den siste stemma er tald

På laurdag skal Arbeidarpartiet i valkrinsen Sør-Trøndelag avgjere om dei vil ha Trond Giske eller Per Olav Skurdal Hopsø inn på Stortinget.

Til venstre er et bilde av at Per Olav Skurdal Hopsø går ned en trapp, til høyre er et bilde av at Trond Giske går opp en trapp.

STORTINGSPLASS: Per Olav Skurdal Hopsø (til venstre) og Trond Giske kjemper om førsteplassen på Stortingslista til Ap i Sør-Trøndelag.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Eg er roleg og optimistisk, seier Trond Giske.

Men det er også motkandidaten Per Olav Skurdal Hopsø før nominasjonsmøtet der dei begge to kjemper om førsteplassen på Stortingslista.

– Eg har ikkje tenkt å gje meg før alle stemmene er talde opp, seier Hopsø.

Hopsø trekker fram at åtte av ni personar i nominasjonskomiteen og fleire kommuneparti ønsker han inn på Stortinget. Giske trekker fram at flest medlem vil ha han på førsteplassen.

Men ingen ting er avgjort før nominasjonsmøtet på laurdag er omme.

– Det er mykje som kan skje enno, legg Hopsø til.

På laurdag blir også Ingvild Kjerkol si framtid på Stortinget avgjort:

Les også Kjerkol vraka av fleirtalet i nominasjonskomiteen igjen

Ingvild Kjerkol

Vil minske avstanden mellom politikk og folk

Begge dei to kandidatane trekker fram at dei meiner det er for stor avstand mellom folk flest i Trøndelag og politikken.

– Eg har lyst til å bidra til å få enno tettare kontakt mellom det som skjer i Trøndelag, både i partiet og lokalsamfunna, og det som blir utvikla av politikk på Stortinget, seier Hopsø.

Og det er nettopp av denne grunn at Giske no ønsker å gjere eit comeback til rikspolitikken.

– Det er veldig lang avstand til dei som bestemmer. Alle oppmodingane om at eg skulle stille og stå på er vel det som gjorde at eg stilte opp. Eg håper eg kan bidra med å vere ei stemme for dei, svarar Giske.

Les også Trøndelag Ap: – Flere brudd på organisatorisk praksis

Trond Giske på første rad under representantskapsmøtet til Trondheim Ap. Han smiler forsiktig og kikker til siden. Det er mye folk til stede under møtet

Giske: – Vil vinne tilbake veljarar

Trond Giske er leiar for det største lokallaget i Arbeidarpartiet med over 4400 medlemmar og seier han vil jobbe for å få til ein politisk debatt som ikkje skremmer folk frå å delta.

– Då eg bestemte meg for å stille var det motivert av alle dei menneska som kom bort til meg og oppmoda meg til å slost for dei sakene dei var oppteken av.

Og dersom han blir vald inn på Stortinget meiner Giske at han kan bidra til å få opp oppslutninga til Arbeidarpartiet.

– Eg har kanskje vore ein av dei tydelegaste på den kursendringa me må gjere for å vinne oppslutnad. Å fortsette som før når me ligg på 17,5 % er ikkje oppskrifta på å vinne val.

Giske vil vinne tilbake veljarar frå mellom anna Høgre og Frp.

– Ein av dei første tinga eg vil gjere er å invitere Sylvi Listhaug til duell. Ho tar no ein del av veljarane som eg har tenkt å vinne tilbake.

En fornøyd Trond Giske smilte lurt da han forlot møtet onsdag kveld.

Trond Giske seier har stiller seg til disposisjon for partiet og at det er medlemmane som bestemmer om kva plass han hamnar på stortingslista.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Du trakk deg tilbake etter skuldingar om brot på dei interne retningslinjene i partiet om seksuell trakassering. Har veljarmassen og folk internt i Ap klart å legge det bak seg trur du?

– Det har eg ikkje nokon kommentar til. Det var eit av noregshistoria største mediedrev. Det er ikkje ukjent for dei som no går til nominasjon, svarar Giske.

Hopsø: – Oppfattar meg som ein samlande kandidat

Per Olav Skurdal Hopsø er for tida statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Han meiner at han kan bidra til å samle Arbeidarpartiet og på den måten få opp oppslutninga.

– Medlemmane oppfattar meg som ein samlande kandidat, ein som kan vere med å bygge eit lag og vere eit nytt fjes for Arbeidarpartiet også på nasjonalt nivå.

Det svarar Hopsø på spørsmål om kvifor det er viktig at han toppar nominasjonslista. På same måte som Giske ønsker han å vinne tilbake veljarar til Arbeidarpartiet.

– Det viktigaste er at Ap i åra framover er nøydd til å tenke på kva me skal vere, korleis me kan komme oss opp til dei høgdene som me faktisk høyrer heime på. Og det har eg lyst til å bidra til, legg Hopsø til.

Per Olav Skurdal Hopsø på Stortinget.

Per Olav skurdal Hopsø seier han stiller på førsteplass på stortingslista til Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Splittande nominasjonsprosess

Nominasjonsprosessen i Trøndelag Arbeidarparti har vore prega av intern splid og usemje om kandidatane og korleis kandidatane har blitt stemt fram.

Hopsø seier at det var ein god prosess i starten.

Så ser me at det har vore utvikling på slutten som styret har sagt at ikkje har vore grei, legg han til.

Hopsø siktar til at styret i Trøndelag Ap konkluderte med at lokallaget til Giske har brote med god organisatorisk praksis. Kritikken kom etter at fleire medlemmar av Nidaros sosialdemokratisk forum bytta til andre lokallag.

Giske har tidlegare svart at Nidaros har handla heilt i tråd med god organisasjonspraksis.

Les også Maktkampen i Trondheim Ap: – Jeg er drittlei

gaute-skjervø

På spørsmål om nominasjonsprosessen seier Giske at ein burde snakke fint om kandidatar og ikkje rakke ned på kvarandre.

– Me skal jobbe saman for å vinne valet etter at me er ferdige med nominasjonen. Eg trur me skal ta ein liten runde internt på korleis sånne debattar bør gå føre seg.

Og nominasjonen er først ferdig etter at 133 delegatar har bestemt om det er Hopsø eller Giske som vinn førsteplassen i Ap i Sør-Trøndelag.

Ifølge begge kandidatane er det enno ikkje avgjort.

Me veit at det er mange som ønsker at Trond skal toppe lista og eg opplever også ei stor støtte for at eg skal vere den kandidaten som skal leie laget, legg Hopsø til.