Hopp til innhold

Hunden Lotta (10) slikka positivt på hurtigtest

Men at hundar testar positivt betyr ikkje nødvendigvis at dei er smitta av korona.

Hunden Lotta positivt for korona på ein hurtigtest, men er truleg ikkje smitta.

INGEN SYMPTOM: Hunden Lotta er frisk og fin. Ho snorkar like infernalsk som til vanleg, fortel eigaren.

Foto: Privat

Smittetala blant menneske går kjapt oppover i Noreg.

Men ikkje alle som testar positivt for covid-19 blir fanga opp av den daglege smittestatistikken.

– Ho er veldig folkekjær og oppe i oss heile tida. Det var svigerinna mi som føreslo at vi burde hurtigteste ho, seier Øyvind Brandtzæg.

Slik gjekk det til at skodespelarfamilien som sit isolerte på Bakklandet i Trondheim hurtigtesta hunden Lotta (10).

Og hunden slikka positivt.

Trønderavisa omtalte den positive «slikkeprøven» først.

Snorka heilt infernalsk

Hundeeigaren, som du kanskje har sett i ein av hovudrollene i NRK sin dramaserie om 22. juli, jobbar til dagleg ved Trøndelag Teater.

Han beskriv koronasymptoma sine som klassisk «man flu». For hunden sin del verkar det som om det å ha testa positivt ikkje er noko problem, fortel Brandtzæg.

– Forma er grei, utanom den infernalske snorkinga hennar. Men den har ho alltid hatt, seier han og ler.

Utklipp av Øyvind Brandtzæg sin facebook.

GREI FORM: Lotta testa positivt, men har ho korona? Truleg ikkje.

Foto: Privat

Brandtzæg blir meir alvorleg når han fortel at familien kjenner seg heldige som har eit romsleg hus der dei kan gjennomføre isolasjonen saman.

– Eg føler med dei som må sitje i isolasjon heilt aleine, i ein trong bustad eller saman med folk dei ikkje er vener med, seier han.

– Men korleis hurtigtestar ein eigentleg ein hund?

– Det er berre å putte ein vattpinne framfor ho. Ho slikkar på alt du held fram, seier Brandtzæg.

Men kan det stemme at hunden faktisk har covid-19?

Juleevangeliet the smash (s)hit musical

SKODESPELAR: Øyvind Brandtzæg på scena under oppsetjinga av «Juleevangeliet the smash (s)hit musical».

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Kan ha virus i munnen utan å vere smitta

NRK ringde veterinærinstituttet. Der svarar Carlos Das Neves.

– Det er ikkje usannsynleg at ein hund som er saman med ein person som har covid-19 og er smittsam, får virus i munnen, seier Carlos Das Neves.

Spesielt om den har slikka eigaren i ansiktet eller liknande.

– Det betyr ikkje at den er smitta eller smittsam, seier han.

Das Neves er veterinær, og direktør for forsking ved Veterinærinstituttet.

Han fortel at dei er kjent med at enkelte hundar har danna antistoff mot SARS-CoV-2 etter at dei har vore saman med smitta eigarar.

– Dei funna kan tyde på at nokon få hundar blir smitta, men utan at den viser sjukdomsteikn, seier Das Neves.

Svært lite sannsynleg at hundar smittar

Ut frå dei opplysningane som kjem fram i denne saka kan ikkje Veterinærinstituttet uttale seg om Lotta faktisk kan vere smitta eller ei, understrekar han.

Hundar kan i sjeldne tilfelle bli smitta, men det er lite sannsynleg at dei utviklar symptom eller sjukdom.

– Det er teoretisk mogleg, men det er lite sannsynleg at hunden vil bli sjuk eller smitte nokon andre, seier Das Neves.

Eg vil understreke at hundar ikkje bidrar til smittespreiing, legg han til.

Det er altså ingen grunn til å bekymre seg for dei firbeinte.

Eigarar kan vere saman med hunden sin medan dei er i isolasjon, men bør passe på å ha god hygiene, også i kontakt med hunden og andre familiedyr, anbefaler Veterinærinstituttet.

– Det er lurt å vaske hender og unngå at hunden slikkar deg i ansiktet. Er ein uroa for at hunden er sjuk, bør ein oppsøke veterinær.