Hopp til innhold

Kongeleg fest på Torvet

"Anna" frå Korsvikaspelet og gruppa Transjoik underheldt dei kongelege på fredagens konsert på Torvet i Trondheim.

Festkonsert på Torvet i Trondheim
Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Kong Harald, dronning Sonja, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit og Marius deltok på fredagsens festkonsert på Torvet i Trondheim.

Komponistane Jan Magne Førde og Frode Fjellheim hadde sett saman ein konsert der nokre av landets fremste artistar møtte unge trønderske utøvarar i eit fargerikt samspel. 

4 000 skuleeelvar frå Trøndelag deltok på arrangementet som er sett i stand i regi av "Den kulturelle skolesekken".

Gunnhild song for dei kongelege

Dei kongelege fekk også møte rollefiguren "Anna" frå Korsvikaspelet, i Gunnhild Sundlis skikkelse. Ho song "Trahe me" frå spelet, som har premiere på Lade i Trondheim i kveld.

Konfransier under festkonserten var skodespelar Øyvind Brandzæg. Fleire tusen hadde møtt fram for å helse på dei kongelege gjestane.

Tronarvingen igjen på Stiftsgården

Kongefamilien ved Stiftsgården
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

To år gamle Ingrid Aleksandra skulle eigentleg delta på arrangementet på Torvet i Trondheim, men ho var ikkje heilt i form og blei igjen på Stiftsgården.

Men tronarvingen helste på folket og vinka ivrig då ho og resten av kongefamilien helste på folket frå balkongen på Stiftsgården før konserten.

Det er venta at ho deltek på St.Hans-feiringa på Sverresborg fredag ettermiddag.