Hopp til innhold

Måtte evakuere etter jordras: – Vi har følt oss utrygge

Det gjekk eit mindre jordskred på Støren i Trøndelag natt til torsdag. Over 30 bebuarar i 14 hus vart evakuerte, men dei fleste har no fått flytte heim att.

Jordras på Støren i Midtre Gauldal

JORDRAS: Det har gått eit jordras på Støren i Midtre Gauldal. 14 hus i nærleiken har blitt evakuerte.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Vi vart vekte kvart over fem av naboar som hadde observert raset. Det var traumatisk å bli riven ut av senga så brått.

Det fortel Tom Roger Stamnli, som er ein av dei evakuerte.

Naudetatane rykte ut til eit jordras i Spjelddalen på Støren i Midtre Gauldal i natt.

– Vi måtte berre stikke av. Det var berre å vekke ungane, og få på seg nokre filler og reise, seier Stamnli.

Raset er rekna å vere 50 gonger 20 meter, opplyser politiet.

– Det er eit mindre jordskred. Det stansa ganske fort. I 05.30-tida, opplyste operasjonsleiar Lars Berget i Trøndelag politidistrikt.

Jordras i Spjelddalen i Støren

STØREN: Vassmassar førte til ras i Spjelddalen på Støren.

Foto: Tom Roger Stamnli

14 hus vart evakuerte

Det var utrykking med store ressursar i morgontimane torsdag. Brannvesenet har jobba med å få på plass drone i området.

– Det er litt utfordrande terreng der oppe, så utan drone er det litt vanskeleg å få totaloversikt, sa vaktleiar Frank Hansen i Trøndelag brann- og redningsteneste klokka 07.

Over 30 bebuarar i totalt 14 hus vart evakuerte til Gauldal vidaregåande skule. Kommunen har sett krisestab.

Operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Anlaug Oseid, fortalde kl. 08.15 at dei evakuerte truleg fekk flytte heim snart.

– Ein blir litt skjelven

Ein geolog har vore på staden for å vurdere området. Det skal ikkje vere fare for nye ras.

Innsatsleiar i Gauldal brann- og redning, Morten Bjørgvik, fortel i 09-tida at situasjonen no er stabil.

– Framleis er eitt hus evakuert. Resten har fått flytta heim att.

– Det var ei ganske alvorleg melding som kom fram til oss. Men så såg vi at det ikkje var så alvorleg som først meldt, seier Bjørgvik.

Erlend Krogstad bur 25 meter unna rasstaden, og har enno ikkje fått flytte heim.

– Guten på 11 år kom og vekte oss klokka fem. Han sa at det buldra utanfor huset, og at det høyrdest ut som ein foss.

Portrett av Erlend Krogstad med hus i bakgrunnen

EVAKUERT: Erlend Krogstad bur berre 25 meter unna staden der det gjekk jordskred på Støren.

Foto: Morten Andersen / NRK

Krogstad sto opp for å sjå. Då såg han at det mangla litt av kanten på gardsplassen. Det er ein 45 grader bratt skråning.

– Då var det berre å vekke alle saman og komme oss ut. Ein blir litt skjelven.

Kjersti Aune var tidleg oppe og skulle på arbeid.

– Eg høyrde skikkeleg buldring, og så begynte det å riste i huset. Eg sprang ut og såg at skråninga kom nedover, seier ho og legg til:

– Eg fekk panikk. Eg sprang inn og henta gubben, og ropte at det rasar. Då sprang vi rundt og vekte naboar, fortel Aune til NRK.

Kjersti Aune og Kai Johansen

– FEKK PANIKK: Eg sprang inn og henta gubben, og ropte at det rasar, fortel Kjersti Aune. Her saman med Kai Johansen.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Ei problematisk skråning

Stamnli fortel at familien på fem har budd i området i 12 år. Raset har gått 100 meter frå huset deira. I 10 år har det vore bevegelse i området, ifølge han.

– Vi har følt oss utrygge, seier han.

Han er ikkje overraska over at det går ras no.

– Det er ei skråning som er problematisk. Vi er litt oppgitte. Eg føler det er mangel på kontroll frå kommunen si side. Eg håpar det blir litt fortgang no.

Portrett av Tom Roger Stamnli med hus og snø i bakgrunnen

– PROBLEMATISK: Tom Roger Stamnli meiner det har vore eit rasutsett område i mange år.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Vi prøver å avdekke så mykje som mogleg, og vere i forkant, svarar Steinar Reinkind.

Han er einingsleiar for eigedom og kommunalteknikk i Midtre Gauldal.

– Førsteinntrykket er at det er tett stikkeleidning som har ført til at vatnet gjekk over parkeringsplassen. Dette har ført til at massar har sklidd ut, forklarar han.

Han held fram:

– Det er eit stort, ope område som no må sikrast. Den jobben er ganske omfattande.

SKREDOMRÅDET: Raset har gått på Støren i Trøndelag.