Hopp til innhold

Jobbar med straksløysingar

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete lovar at departementet skal finne løysingar for dei som blir råka av konkursen i Coast Air.

Liv Signe Navarsete
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Ho er overraska over at selskapet blei slått konkurs i natt.

 - Vi har fått mange telefonar, både frå journalistar og frå politikarar både regionalt og lokalt, som er opptatt av kva som skjer vidare, seier Navarsete til NRK Trøndelag.

Visste ingenting

Samferdselsministeren hadde ikkje fått varsel om at Coast Air ville bli slått konkurs.

No jobbar departementet på spreng for å finne løysingar for dei reisande.

- Mine folk jobbar med å finne ut kva som er muleg å få til av hastetiltak for at konsekvensane skal bli minst muleg for reisande til og frå Røros og Fagernes, seier Navarsete. 

Jobbar med nytt tilbod

Ifølge Navarsete er det viktig å få lyst ut eit nytt tilbod for ruta til Røros og Fagernes så snart som muleg. 

- Vi må få ut eit anbod som gjeld frå 17. mars til 31. mars 2009, men det er også viktig å få på plass eit naudtilbod som gjeld dei første seks vekene.

Ho legg til at dei er avhengige av at det er tilgjengeleg materiell i markanden for å lukkast i dette arbeidet.